Påskerebus løysing


Takk til alle som deltok i påskerebusløpet. Det kom inn 30 svar, og av alle desse vart det trekt 3 vinnarar. 

Det er: fam Anne Grete Johanson, Fam. Wold Flokketvedt, og Fam Hornenes Sørheim. Dei vil få kvarsine fylte påskeegg. 

 

Her kjem løysinga på rebusen.

Post 1 Sørstranda bedehus  Romartal   

  1. 13   =   XIII 
  2. 64    =  LXIV 
  3. 1238 = MCCXXXVIII

Post 2 Osvåg   Ville dyr i Etne   

  1. Desse hjortedyra finns i Etne: Elg, hjort, villrein og rådyr
  2. Ja, det er streifdyr av gaupe og den et i hovedsak rådyr
  3. Det er 4 flaggermusarter i Etne
  4. Rakkelhane er ein kryssning av orrhane og røy(tiurhøne)

Post 3 Gjerde kyrkje  Krossvandring   

Post 4  Fossa   Påskesongar   

  1. Hill deg, Frelser og forsoner
  2.  Det er 4 vers på "Dine hender er fulle av blomster"
  3. Bjørn Eidsvåg har skrive "Du låg og skalv av angst på kne"
  4. Paul Simon har skrive "American Tune"

Post 5 Kaldheim  Bibelspørsmål om påske   

  1. Jesus reid inn i Jerusalem på ein eselfole
  2. Jesus innstifta nattverden på skjærtorsdag
  3. Dei siste orda Jesus sa på korset var: "Det er fullført" (Johannes)  eller " "Far, i dine hender gjev eg mi ånd" (Lukas) "Min Gud min Gud kvifor har du forlate meg" (Markus)
  4. Josef fra Arimatea gravla Jesus
  5. To kvinner som heitte Maria var dei første som møtte Jesus då han hadde stått opp. 

Post 6   Litledalen kraftstasjon

  1. Dei 6 vassmagasina som forsyner Hardeland og Litledalskraftverket med vatn er Hardelandsvatn, Løkjelsvatn, Grindheimsvatn, Hjørnåsvatn, Bassur/Krokavatn, Ilsvatn.
  2. Stien som går i skaret frå Hardeland og opp til Løkjelsvatnet heiter Stegane
  3. I 2020 vart det målt 4889 millimeter nedbør ved Bassur
  4. SKL står for Sunnhordland kraftlag
    1. Den straumen ein kan produsere når anlegga går for fullt er 51000 KWh
    2. I gjennomsnitt produserer desse anlegga til saman 220 000 000 KWh. (220 million KWh.) i året. 
    3. Desse anlegga produserer nok straum til 11000 bustadar

Post 7 Auastad  Sroferasar og sauerasar

  1. 1  Charolais
  2. 2 Hereford
  3. 2 Farga spæl
  4. 2 Limousin
  5. 2 Norsk kvit sau

Post 8 Grindheim kyrkje

  1. Georg Fr Händel har skrive melodien til "Deg være ære"
  2. Desse vassdraga er verna i Etne kommune: Etnevassdraget, Vaulavassdraget med Langfoss, Mosneselva, Vikedalsvassdraget (Bjønndalen)
  3. 361 hjort vart felte i Etne i 2016
  4. Jødane feira påske for å minnast frigjeringa frå slaveriet i Egypt

Post 9 Stødle kyrkje    Lys og håpsvandring

Post 10 Etne kyrkje

  1. Rogaland har flest sauer, 475 544, mot Vestland med 415 117 sauer
  2. Skjærtorsdag kjem frå SKIR som betyr rein
  3. XXIX er 29
  4. I Stødle kyrkje er det montert Inergen-gass sløkkjeanlegg.

 

 

Tilbake