Konsert i Skånevik kyrkje


Fredag 7. mai kl. 18.00 held kvedar og folkemusikar Kari Malmanger og "vår eigen" organist Solveig Sørheim konserten "Song og salmesykkel".

 

Kari er frå Rosendal, busett i Sogndal. Ho er utdanna kvedar ved Raulandsakademiet og Ole Bullakademiet. Solveig har studert komposisjon og kyrkjemusikk ved Griegakademiet og jobbar til vanleg som organist i kyrkjene i Etne.

Kari og Solveig har ved fleire høve spela saman, og Solveig var medverkande på plata «No soli bakom blåe fjell» Kari spela inn for omlag 10 år sidan. Dei vil framføra religiøse folketonar frå Voss, Kvinnherad og Etne med song og trøorgel. 

Inngong 200,- kr. 

Velkommen!

Tilbake