TÅRNAGENT-helg


TÅRNAGENT-HELG i Gjerde kyrkje laurdag 6. og søndag 7. februar og i Skånevik kyrkje lørdag 13. og søndag 14. februar 2021!

 

 


 

NB! Her er ei topp hemmeleg melding til deg som er 8 år og dine føresette.

 

Me treng deg til å vera med å løyse oppdrag og mysterier!

Difor ynskjer me alle 3. klassingar i Etne og Skånevik velkomne til Tårnagenthelg!

Agentmøtet laurdag startar kl. 16.30 og held på til ca. 19.30. Då vil alle agentar få utdelt agentbevis.

Søndag treffest me i god tid til Tårnagentgudsteneste kl. 11. (Her må me sjå kva smittevernreglar som gjeld, om me ikkje kan møtast til Gudsteneste, blir det lagt opp til noko digitalt.)

Klarer de agentar å løyse alle mysteria……..så er det utlova ein dusør!

 

I 2021 vil det vere mange agentar i mange kyrkjer over heile landet som skal løyse mysterier. Me håpar du har lyst å vere med!

PÅMELDING innan onsdag 3. februar for dei som skal vera med i Etne

PÅMELDING innan onsdag 10. februar for dei som skal vera med i Skånevik Kyrkje.

Få føresette til å melde deg på.

 

LINK TIL HEMMELEG PÅMELDING HER
NB: Husk å velge påmelding til Skånevik eller Etne i skjemaet.

 

Mvh

Elisabeth Vae Haaland

Kyrkjelydspedagog

 

Dette er eit ledd i trusopplæringa vår.
Alle barn i Etne og Skånevik født i 2012, som er døypte, skal ha fått brev i posten. Om du kjenner barn som ikkje har fått invitasjon er dei sjølvsagt velkomne til å vera med.

 

Tilbake