TÅRNAGENT-HELG i Gjerde kyrkje laurdag 8. og søndag 9. februar 2020!


NB! Her er ei topp hemmeleg melding til deg som er 8 år og dine føresette.
Me treng deg til å vere med å løyse oppdrag og mysterier!
Difor ynskjer me alle 3. klassingar i Etne og Skånevik velkomne til Tårnagenthelg!
Agentmøtet laurdag startar kl. 16.30 og held på til ca. 19.30. Då vil alle agentar få utdelt agentbevis.
Søndag treffest me i god tid til Tårnagentgudsteneste kl. 11.
Klarer de agentar å løyse alle mysteria……..så er det utlova ein dusør!
Foreldre, søsken, besteforeldre og venner er også inviterte til gudstenesta.
I 2020 vil det vere mange agentar i mange kyrkjer over heile landet som skal løyse mysterier. Me håpar du har lyst å vere med!
PÅMELDING innan onsdag 5. februar på kyrkja si nettside. Få føresette til å melde deg på.
De vil få e-post / SMS med meir informasjon når du har meldt deg på.
LINK TIL HEMMELEG PÅMELDING HER
Mvh
Randi Matre
Kyrkjelydspedagog
Dette er eit ledd i trusopplæringa vår. Alle barn i Etne og Skånevik født i 2011
som er døypte eller der ein av foreldra er medlem i Den Norske Kyrkja vil få tilsendt
brev med invitasjon i posten. Om du kjenner barn som ikkje er medlem av kyrkja,
er dei sjølvsagt velkomne til å vere med.