Ledig stilling som sokneprest i Etne


Den godaste Per Hjemdal reiser vidare på nye eventyr, så no blir stillinga som sokneprest i Etne ledig! Kjenner du kallet til å søkja, eller kjenner du nokon aktuelle kandidatar, så tek Etne kyrkjelyd imot søkjarar med stor takknemlighet!

 

Prestegarden i Etne ligg sentralt, men landleg til, med stor hage eigna for både hyggelege hagefestar, og ballspel for små og store på den romslege plenen (no også med robotklippar). Det er gangavstand til barnehage, barne- og ungdomsskule, og til kyrkjekontoret som ligg ved den nye hovudkyrkja i Etne. (Men det er ikkje buplikt lenger). 

 

På kyrkjekontoret er eit triveleg kontorfellesskap med sokneprestane i hhv. Etne og Skånevik, kyrkjeverja, kyrkjelydspedagog, barne- og ungdomsarbeidar, organistar, kyrkjegardsarbeidar og kyrkjelydssekretær. 

 

Etne er ei landbruksbygd, med kort veg til flotte naturopplevelsar frå fjord til fjell, og med ei lakseelv som renn gjennom sentrum.  I sentrum finn du det meste av det du treng til livets opphold. 

 

Av kulturtilbud i bygda kan nemnast kulturhus med kino og bibliotek, kafèar, ny idrettshall med aktive miljø innan turn, fotball, tennis, handball mm, friidrettsanlegg, skytebane, og saloon (ikkje tilknytta skytebanen, altså!). Og mange aktive lag og foreningar!

 

I tillegg til tilbodet me har i kyrkja (og bedehuset), sjølvsagt: kor for både born og vaksne, babysong, Tripp Trapp Treff, Fredagsklubb, strikkekafè, bibelgruppe mm.

 

Meir detaljar om stillinga som sokneprest i Etne, og om kyrkjesoknet, finn du her. Send søknaden din i dag!

Søknadsfrist er 18. september.

(Foto: OVF)

Tilbake