Kjære 2- åring!
I år er det to år sidan du blei døypt. Me er glade for at du er ein del av
kyrkjelyden vår. No ynskjer me at du skal bli betre kjent i kyrkja og me
ynskjer å bli betre kjend med deg.
Velkommen til Krølletreff og småbarnssong i Etne kyrkje
laurdag 24. oktober frå kl 14 til 15.
Me skal synge, høyre bibelfortellinga om sauen som gjekk seg vill, gå på
sansevandring på leit etter sauen og du vil få boka Mi kyrkjebok 2
med deg heim.
Fint med ei påmelding, slik at me kan ha bok klar med navn.
Påmelding ligg her
Dette er eit ledd i trusopplæringa i kyrkjelyden vår. Alle barn i Etne som er født i 2018
som er døypte eller der ein av foreldra er medlem i Den Norske Kyrkja vil få tilsendt
brev med invitasjon i posten. Om du kjenner barn som ikkje er medlem av kyrkja, er dei
sjølvsagt velkomne til å vere med!