Konfirmant i Etne


Her er meir detaljar om konfirmasjon i Etne.

Dei som er døypte og medlem i Den norske kyrkja får invitasjon i posten i byrjinga av juni.

Påmeldinga til konfirmasjonsundervisninga for 204-2025 er ikkje klar enno. 

Påmeldingsfrist elektronisk, innan 1. juli

Innskrivingssamling 11. juni kl. 19.00-20.00

For INNSKRIVING TIL KONFRIMANTTIDA inviterer me deg og dine føresette til ei samling der du får meir informasjon og ein liten smakebit på kva du har i vente til hausten.
Tid og stad:        Etne kyrkje tysdag 11. juni kl.19.00            

I tillegg til den digitale påmeldinga ber me om at du fyller ut dette påmeldingsskjema og tek med på innskrivingssamlinga.

Totalt skal konfirmantåret ha ca 60 timar med undervisning og andre typar samlingar, inkludert minst 8 gudstenester og fordelt på 8 månader.  

  • Tidspunkt for KONFIRMANTSAMLINGANE i Etne kyrkje blir vanlegvis onsdagar straks etter skuletid, evt. Kl. 17 når det er behov for å dela i to grupper. Me tek omsyn til skuleveg.
  • Opplegget for konfirmanttida inkluderer LEIR PÅ BRANDØY, Bjoa saman med kyrkje-konfirmantane i Skånevik. 
  • Me arbeider med å få gi tilbod om INTERESSEGRUPPER. Det blir meir informasjon på innskrivingssamlinga.

Pris: Ca kr 2000 (ikkje endeleg avgjort enno) -  inkl leirhelg, konfirmantfestival på Norheim og materiell til fellessamlingar  + konfirmantfest for konfirmanten.
Avgifta er subsidiert av soknerådet. Dersom økonomi er ei hindring som gjer at konfirmanten ikkje kan vera med, er det mogeleg å be om fritak. Ta kontakt - presten har teieplikt.

 

I tillegg til presten blir barne- og ungdomsarbeidar Elisabeth Vae Haaland med på delar av konfirmantopplegget. 

Lurer du på noko så ta kontakt!

Med helsing og vel møtt til eit kjekt konfirmantår!

Påmeldinga til konfirmasjonsundervisninga for 2024-2025 er ikkje klar enno.

Helsing Kari Vik Stuhaug  tlf. 47 25 35 29

sokneprest i Etne

 

Tilbake