Påmelding til dåp


Her kan de melda barnet dykkar på til dåp!

bilde av dåpsbarn

Til dåpspåmelding

Sjå i kalenderen på startsida vår for å finna høveleg dato og kyrkje, eller gå direkte inn i lenkja til dåpspåmelding som ligg øverst på denne sida, og søk på datoar fram i tid. Her kan de også melda dykk på til dåp.

Det er lurt å ha klart personnummeret til barnet og begge foreldra.

Har de funne ut kven som skal vera fadrar, fører de dei opp (minst 2 fadrar skal vera til stades under dåpen). (Det går også an å føra på fadrane i skjemaet seinare).

Ved nokre gudstenester er det ikkje høve til dåp, anten av plassomsyn, eller på grunn av spesielt innhald. Generelt er det ikkje dåp på: Langfredag, 17. mai, bots- og bønedag, helgemesse, julaftan, og dei dagane der konfirmantane er i fokus (presentasjon-, samtale- og konfirmasjonsgudstenester).

Ta gjerne kontakt dersom de lurer på noko!

Etne kyrkjekontor:

Tlf. 53 77 11 70

sakshandsamar@etnekyrkja.no 

Tilbake