Informasjon og påmelding til konfirmasjon 2025


Velkommen som konfirmant i Etne og Skånevik kyrkjelydar!

Her finn du meir informasjon om opplegg og påmelding for konfirmantåret 2024- 2025!

Det er berre eitt år til ein høgtideleg dag i livet ditt!

Ei viktig tid - eit viktig val!

Konfirmanttida er ei tid for å tenkja nye tankar, få nye opplevingar og kanskje nye venner! Sjå meir her!
I konfirmanttida er det tid og rom for å undra seg og stilla spørsmål. 
Ei tid for å læra meir om Gud, om deg sjølv og om andre menneske.

Kyrkja i Etne og Skånevik ønskjer å gi eit godt tilbod med variert undervisning og aktivitetar. Du finn meir informasjon om  vårt opplegg for konfirmasjonstida lengre ned. 

Sjå også nettsidene www.konfirmant.no for meir generell informasjon om konfirmasjonstida + nokre filmsnuttar på TikTok (#konfirmantene) 

Presentasjonsgudsteneste

Det er fast tradisjon at konfirmantane blir presenterte i ei gudstenesta i starten av konfirmantåret. Sett av dato for dette no:
Etne kyrkje – søndag 1. sept. kl. 11.
Skånevik kyrkje – søndag 25.aug. kl. 11

 

Innhald i konfirmantåret

Konfirmantåret har ulike typar samlingar, inkludert minst 8 gudstenester og fordelt på 8 månader.  

Felles Etne og Skånevik:

  • Pilegrimsvandring til Stødle kyrkje   
  • Spennande møte med Ruben Gazki, illusjonist og «Svindler med stil», (felles med Vindafjord) (foreløpig)
  • Leirhelg på BRANDØY 17.-19. januar 2025    
  • Konfirmantfestival Norheim kyrkje – søndag 2. febr. 2025 (felles med Sunnhordland)
  • Minst 8 gudstenester inkl. presentasjonsgudsteneste i sept., lysmesse i desember, samtalegudstenesta i april og sjølve konfirmasjonen. Konfirmantane skal medverka i nokre gudstenester.

Undervisningssamlingar, fasteaksjon, konfirmantfest er kvar for seg – Etne og Skånevik

 

Kva kostar det å vera konfirmant i Etne og Skånevik?

Pris: kr 2100  -  inkl leirhelg, konfirmantfestival på Norheim og materiell til fellessamlingar  + konfirmantfest for konfirmanten. Same pris for dei som ikkje er medlemmar.
Avgifta er subsidiert av soknerådet. Dersom økonomi er ei hindring som gjer at konfirmanten ikkje kan vera med, er det mogeleg å be om fritak. Ta kontakt - presten har teieplikt.

 

Konfirmasjonane 2025 er fastsett slik:

Etne kyrkje lørdag 3. og lørdag 10. mai kl. 11.
Skånevik kyrkje søndag 4. mai kl. 11.
Fjæra kapell. Det blir lagt til rette for konfirmasjonsgudsteneste der ved behov.

 

Det er viktig for oss at de legg inn korrekte mobilnummer /epostadresse til konfirmantar og føresette. Me brukar SMS til informasjon.

Dei som er døypte og medlem i Den norske kyrkja får invitasjon i posten i byrjinga av juni. Om du ikkje er medlem finn du viktig informasjon og skjema her (ETNE).

Lenkje til konfirmant-påmelding frå tirsdag 4. juni kl. 16.00

Påmeldingsfrist elektronisk, innan 1. juli

Her kan du sjå meir detaljar 
Konfirmant i Etne
Konfirmant i Skånevik 

Lurer du på noko så ta kontakt!

 

Kari Vik Stuhaug                    
Sokneprest i Etne                    
Tlf. 472 53 529                        
e-post: soknepresten@etnekyrkja.no  

Egil Larsen
Sokneprest i Skånevik
Tlf. 992 41 870
e-post: spresten@etnekyrkja.no

 

Tilbake