Velkommen som konfirmant i Etne og Skånevik kyrkjelydar!
ETNE: Velkommen til innskrivingssamling torsdag 12. juni!
Det er berre eitt år til ein høgtideleg dag i livet ditt!
Ei viktig tid - eit viktig val!
Konfirmanttida er ei tid for å tenkja nye tankar, få nye opplevingar og kanskje nye venner! Sjå meir her!
I konfirmanttida er det tid og rom for å undra seg og stilla spørsmål.
Ei tid for å læra meir om Gud, om deg sjølv og om andre menneske.
Kyrkja i Etne og Skånevik ønskjer å gi eit godt tilbod med variert undervisning og aktivitetar. Du finn meir informasjon om vårt opplegg for konfirmasjonstida lengre ned.
Sjå også nettsidene www.konfirmant.no for meir generell informasjon om konfirmasjonstida + nokre filmsnuttar på TikTok (#konfirmantene)
Presentasjonsgudsteneste
Det er fast tradisjon at konfirmantane blir presenterte i ei gudstenesta i starten av konfirmantåret. Sett av dato for dette no:
Skånevik kyrkje – søndag 24.aug. kl. 11
Etne kyrkje – søndag 31. aug. kl. 11.
Innhald i konfirmantåret
Konfirmantåret har ulike typar samlingar, inkludert minst 8 gudstenester og fordelt på 8 månader.
Felles Etne og Skånevik:
- Pilegrimsvandring til Stødle kyrkje
- Spennande møte med Ruben Gazki, illusjonist og «Svindler med stil», (felles med Vindafjord) (foreløpig)
- Konfirmantfestival Norheim kyrkje – søndag 8. febr. 2026 (felles med Sunnhordland og Haugaland)
- Leirhelg på BRANDØY 13.-15. febr. 2026
- Minst 8 gudstenester inkl. presentasjonsgudsteneste i sept., lysmesse i desember, samtalegudstenesta i april og sjølve konfirmasjonen. Konfirmantane skal medverka i nokre gudstenester.
Undervisningssamlingar, fasteaksjon, konfirmantfest er kvar for seg – Etne og Skånevik. Undervisningssamlingane skjer på ein vekedag rett etter skuletid. I Etne også ei gruppe kl. 17.
Alle har rett til ei god konfirmanttid. Dersom det trengs individuell tilrettelegging så meld frå til oss så snart som mogeleg. For at me skal kunna finna dei beste løysingane for deg er det viktig at me får beskjed i god tid.
Kva kostar det å vera konfirmant i Etne og Skånevik?
Pris: kr 2300 - inkl leirhelg, konfirmantfestival på Norheim og materiell til fellessamlingar + konfirmantfest for konfirmanten. Same pris for dei som ikkje er medlemmar.
Avgifta er subsidiert av soknerådet. Dersom økonomi er ei hindring som gjer at konfirmanten ikkje kan vera med, er det mogeleg å be om fritak. Ta kontakt - presten har teieplikt.
Konfirmasjonane 2026 er fastsett slik:
Etne kyrkje lørdag 2. og lørdag 9. mai kl. 11. Påmelding til spesifikk dato (altså "først til mølla").
Skånevik kyrkje søndag 3. mai kl. 11.
Fjæra kapell. Det blir lagt til rette for konfirmasjonsgudsteneste der ved behov (ta kontakt).
Dei som er døypte og medlem i Den norske kyrkja får invitasjon i posten i slutten av mai. Om du ikkje er medlem, kan du likevel melda deg på her.
Lenkje til konfirmant-påmelding frå søndag 1. juni.
Det er viktig for oss at du legg inn korrekte mobilnummer /epostadresse til konfirmant og føresette ved påmelding. Me brukar SMS til informasjon.
Påmeldingsfrist elektronisk, innan 1. juli
Lurer du på noko så ta kontakt!
Kari Vik Stuhaug
Sokneprest i Etne
Tlf. 472 53 529
e-post: soknepresten@etnekyrkja.no
Øyvind Heggland
Vikarprest i Skånevik
Tlf. 902 54 919
e-post: oyvind@kyrkja-stord.no