
Eksteriørfoto: Etne kyrkjekontor.
Tekst: Atle Aas
Foto/copyright der ikkje anna er sagt: Økland Foto.
1. Innleiing.
2. Den opphavlege steinkyrkja – plassering, arkitektur og steinarbeid.
2.1 Kyrkja
2.2 Handverkarane
2.3 Førkristen tid
3. Den mektige og politisk viktige ætta på Stødle/Etne. Statsdanning i Norge
3.1 Etne i sagatida
3.2 Erling Skakke
3.3 Magnus som konge, kroning, internasjonale kontaktar, innflytelse frå kyrkja
4. Kven har bygd kyrkja – gravminne under ufsedropane
5. Dei tidlegaste skriftlege kjeldene
6. Kyrkja frå 1100-talet og fram til i dag: påbygg, eigarar, forfall og restaurering.
7. Kyrkja i dag – inventar
Referansar
Litteraturliste
-----------------
1. Innleiing
Stødle kyrkje er ei langkyrkje bygd i stein og tre. Den eldste delen av kyrkja, steinkyrkja, er frå 1100 talet. Etter tradisjonen er steinkyrkja bygd av Erling Skakke rundt 1164. Kyrkja er påbygd, utvida og restaurert i fleire omgangar. Skipet i steinkyrkja er blitt til kor i den påbygde kyrkja. No har kyrkja plass til om lag 160 menneske.
Stødle kyrkje ligg på kanten av Stødleterrassen og er synleg frå store delar av Etnesjøen. Frå kyrkja og garden ho ligg på ser ein utover gardane Gjerde og Enge og Etnefjorden.
2. Den opphavlege steinkyrkja
2.1 Kyrkja
Den opphavlege steinkyrkja har rektangulært skip og eit smalare, rektangulært kor.
Skipet er 9,59 m langt og 7,91 m breitt utvendig. Koret er 4,74 m langt og 5,11 m breitt. Innvendig utgjer flatemålet om lag 57 m2.1
Steinkyrkja har vegger mura opp som kistemur med relativt små stein i ytterflatene. Veggane er om lag ein meter tjukke og pussa utvendig og innvendig med kalk. Bindemiddelet er kalkmørtel. Ute er hjørna markert med mørkare kvaderstein i kleber. Ein kvader er ein hoggen stein, t.d. av kleberstein.
Kyrkja har eit litt skeivt grunnplan, ved at koret står litt skeivt i høve til skipet. Dette er ikkje uvanleg på kyrkjer frå denne tida. Mellom anna har Nidarosdomen skeivt kor, og mange kyrkjer i England har det og. Det har vore spekulert i kva årsaka er, og nokon har tenkt det skuldast unøyaktig bygging. Men alt anna er jo vinkelrett og beint, så det er ikkje sannsynleg. I boka «Helligdom og symbolikk» skriv J. Ursin at det er ei vanleg oppfatning at det skeive koret symboliserer at Frelsarens hovud fall på sida2 under krossfestinga.
Kyrkja har bevart to portalar; innvendig mellom det opphavlege koret og skipet, og ei lita døropning nedst i skipet mot nord. Portalane er rundboga og omramma av hoggen kleberstein.
Det er sagt at det har vore ein hellelagt veg frå døra på nordveggen og til garden på Stødle3. Vegen kan vere fjerna i samband med utviding av kyrkjegarden.
Skipet i steinkyrkja har eit rekonstruert, rundboga vindauge midt på langveggen i sør. Ein kleberstein ute i veggen kan vere markering av eit tidlegare, større vindauge.
Aust i det gamle koret er eit lite, rundboga vindauge med kleberkvadrar rundt indre og ytre opning. Her er det frå restaureringa i 1958/59 sett inn eit glasmåleri.
Det er ikkje publisert forsking om kor klebersteinen i Stødle kyrkje kjem i frå. På førespurnad skriv geologen Øystein Jansen4 at noko av steinen kan kome frå eit klebersteinsbrot i Klovsteinsjuvet i Osvåg. Delar av steinen kan også vere frå Ertenstein, ein gard med klebersteinsbrot på Rennesøy. Denne steinen er og brukt i den eldste delen av Stavanger domkyrkje. Geologen Per Storemyr i Stavanger arbeidar med å dokumentere kyrkjestein frå brotet på Rennesøy, så kanskje kan vi få klarare svar etter kvart.
Stødle kyrkje er bygd i romansk byggestil som var vanleg på 1100-talet. Sjølv om kyrkja ikkje er nemnd i kjelder frå denne tida, er det all grunn til å rekne med at steinkyrkja er bygd på 1100-talet. Slike kyrkjer vart bygd fleire stader på 1100-talet, m.a. Moster gamle kyrkje.
I bokverket «Norges Kirker» frå år 2000 har Anne Marta Hoff ein meir detaljert gjennomgang av Stødle kyrkje.5
2.2 Handverkarane
Vi veit lite om handverkarane som bygde Stødle kyrkje. Etter 1100 var det etablert eit norsk steinbyggingsmiljø fleire stader i landet med bygging av dei store domkyrkjene som sentrum, i Stavanger, Bergen, Trondheim og Oslo. Stødle kyrkje har element som liknar kyrkjer både i Bergen og Stavanger.6
2.3 Førkristen tid
Om lag 200 meter frå kyrkja, på Helgaberg, er det eit helleristningsfelt med skålgroper, hjul og sol frå bronsealderen for omlag 3000 år sidan.7
På platået der Stødle kyrkje ligg er det over 50 ulike gravhaugar og andre gravminne frå førkristen tid, dei fleste ligg langs kanten av platået.8 Det er mellom anna funne ein halsring i bronsje frå bronsealderen.9 Nokre gravminne er plyndra og nokre er øydelagd som følgje av tidleg uttak av sand.
På Kyrkjehaugen framfor kyrkja er det reist ein høg bautastein. I 1836 er det omtalt at steinen låg i kyrkjegardsmuren.10 Det er ikkje kjent om steinen har vore brukt i kultisk samanheng.
3. Den mektige og politisk viktige ætta på Stødle/Etne. Statsdanning i Norge
3.1 Etne i sagatida
Stødle kyrkje ligg på garden Stødle (tidlegare skrivemåte mellom anna Studle/Studla). Garden var eigd av ei mektig og politisk viktig ætt i Norge fram til 1184, då kong Magnus Erlingsson fall i slaget ved Fimreite og kong Sverre Sigurdsson overtok kongsmakta.
Det gamalnorske namnet Studla kjem av studill; «støtte, hylle».11
I Etnesoga12 har Ståle Dyrvik ein gjennomgang av personar frå Etne som er nemnd i sagalitteraturen. Bjørn frå Studla var, i følgje Snorre,13 med i krinsen rundt kong Olav Tryggvason då han fall i slaget ved Svolder (år 1000). I slaget på Stiklestad (år 1030) var Erlend frå Gjerde med i hæren som hadde reist seg mot Olav Haraldson (den heilage). Erlend døyr mot slutten av slaget.14 Den neste som er nemnd er oldebarnet til Erlend, Kyrpinga-Orm (død ca 1142).
Snorre gjengir ættetavla til Orm i Soga om Haraldssønene. Han er også nemnd i Orkneyinga saga: Ein ung mann skulle reise frå Agder til Sogn for å gjennomføre eit hevndrap. Faren seier at om det går godt skal han gå «til min frende Kyrpinge-Orm i Støle og sønnene hans, Ogmund og Erling på Stødle, og få hjelp på vegen heim».15 Dette er tidfesta til 1128, så sagaskrivaren rekna med at Orm budde på Stødle då. Vidare skriv Snorre at kong Harald Gille sin yngste son, Magnus, vart fostra på Stødle, hos Orm.16 Magnus var tiltenkt kongsmakt saman med brørne Harald, Øystein og Inge, men døydde tidleg av sjukdom. Orm var med andre ord ein svært sentral støttespelar for kongen på den tida.
Denne tida i mellomalderen er kalla borgarkrigstida. Norge hadde enno ikkje noko fast statsdanning og administrasjon, og kongen måtte knyte til seg stormenn, lendmenn, rundt i landet, som kunne representere kongen og ta vare på interessene hans når han ikkje var der. Ætta i Etne, lendmannen (dvs. ein som forvalta kongen sin gard) Erlend på Gjerde og Orm på Stødle var slike menn.17 Dei bana veg for den mest kjende: Erling Skakke.
3.2 Erling Skakke (ca 1115 – 1179)
Så lenge storebror til Erling, Ogmund (Dengje), levde var han sett på den gjevaste, står det i Orkneyinga saga.18 Men Erling var viktig nok for kong Inge, son til Harald Gille, til at kongen hjelpte han til giftemål med Kristin (ca 1125-1178), dotter til kong Sigurd Jorsalfare (1090-1130). Sigurd fekk tilnamnetsitt fordi han reiste til Jorsal (Jerusalem).
Og Erling reiste sjølv til Jerusalem. Det er sannsynleg at han var gift før han reiste, men dette er ikkje sikkert dokumentert.
Mora til Kristin var Malmfrid Mstislavsdotter, dotter av storfyrst Mstislav I av Kiev og svenske Kristina. Ho var søskenbarn til kong Valdemar 1 av Danmark. På denne måten fekk slekta på Stødle nye internasjonale band.
Kong Inge levde lengst av sønene til Harald Gille. Då han døydde var det ingen opplagde arvtakarar til trona. Ei gruppe, som stod i motsetnad til krinsen rundt kong Inge (og dermed m.a. Erling Skakke), løfte fram Håkon Herdebreid, utanom-ekteskapleg son av kong Sigurd som konge. Med Håkon Herdebreid som konge, var dei som hadde vore tett på kong Inge, redde for eigne posisjonar og eigne liv. Dei leita etter alternativ.
Erling Skakke samla stormenn som hadde støtta kong Inge i Bjørgvin (Bergen), og etter rådslaginga vart Magnus Erlingsson (1156-1184), den fire-fem år gamle sonen til Kristin og Erling, valt til konge, med Erling som riksstyrar på vegne av barnekongen.
3.3 Magnus Erlingsson som konge
Magnus sitt grunnlag for krav om kongsnamn var svakt på den måten at han ikkje var sonen til ein konge. Han arva kongedømet gjennom mora. Til gjengjeld var morfaren den vidgjetne kong Sigurd Jorsalfare.
Men Magnus hadde ein fordel; han var fødd innanfor ekteskap. Noko av problemet med arverekkefølgja til den norske trona var at alle som kunne påstå å ha ein konge til far, kunne krevje sin del av kongeriket.
Magnus blei krona til konge i Bergen i 1163 eller 1164.19 At han vart krona, betyr at kyrkja støtta han aktivt. Kva var bakgrunnen for denne støtta?
Det er vanleg å seie at Erling bygde kyrkja på Stødle og gav vekk krongods (mellom anna garden Gjerde i Etne) som grunnlag for bygging og drift av Halsnøy kloster. Formålet var å sikre seg kyrkja si støtte til sonen som konge, og slik involvere kyrkja i maktkampen om Norges trone. Snorre fortel også (i soga om Magnus Erlingsson) om korleis Erling etter ein diskusjon med erkebiskop Øystein, godtek at kyrkja doblar skattetakstane sine, samanlikna med det som var vanleg tidlegare.20
Historikaren Trond Norén Isaksen peikar i boka «Hellig Krig om Norges krone» på at kyrkja hadde eigen nytte av Magnus som konge. Legaten Stefanus frå Roma var i Bergen i 1163-1164, fortel Snorre. Norén Isaksen påviser korleis det var kamp i den katolske kyrkja om kven som var den rette paven. Stefanus samla støtte for pave Alexander III, som kom sigrande ut av kampen, og han fekk støtte frå Magnus (dvs. rådgjevarane hans).21
Kristendomen var komen til Norge over ein lang periode, og Olav Haraldsson (den heilage) hadde lagd eit lovgrunnlag (1000-årsjubileet for kristenretten som vart feira på Moster i 2024) basert på kristne verdiar. I 1153 hadde Trondheim og Norge fått erkebispesete, og kyrkja var i ferd med å organisere seg som ein maktfaktor i samfunnet. Stadige borgarkrigar, der kongane skifta etter kort tid, gjorde denne etableringa vanskelegare. Kyrkja hadde difor eiga interesse av å få orden på reglane for tronfølgje. Å formalisere at eldste son, fødd innanfor ekteskap (som var forordna av kyrkja), skulle bli konge, kunne få slutt på kampane om trona.22
Kyrkja trengte dermed Magnus, fødd i ekteskap, og hans sterke far, Erling, i håp om å stabilisere det verdslege samfunnet.
Historikaren Jørn Øyrehagen Sunde har forska på utviklinga av norsk rettssystem og i boka «1000 år med norsk rettshistorie» peiker han på at lovgjevinga til barnekongen Magnus Erlingsson ikkje har vore tilstrekkeleg påakta.23
I tida mellom Kristenretten (Olav Haraldson ca 1024) og Magnus Lagabøte si landslov frå 1274 er det lovutvikling gjort i samband med Magnus si kroning i Bergen, Øyrehagen Sunde trekkjer fram. I arbeidet med å utvikle lovene var det med personar som hadde kjennskap til gamal romersk lovgjeving, som på den tida vart studert i romarrettsstudiet i Bolgna.24 Lovene vart humanisert, menneskeverdet bvart styrkt. Det blei eit absolutt forbod mot utsetjing av uønskte born (forbodet var innført i kristenretten, men med unntak), sinnslidande personar som begår drap, fekk ikkje straff, (men samfunnet skulle beskytte seg mot dei gjennom ei forvaringsordning).25 Øyrehagen Sunde omtalar kong Magnus si lovgjeving som «fredlovgjeving». Det var konfliktløysing, t.d. med bøter, som vart vektlagd, ikkje hemn og vald.26 Det vart og laga ny tronfølgjelov, som gir kyrkja noko makt over kven som skal veljast til konge. Den som gjekk imot den lovleg innsette og krona kongen, blei lyst i bann av pavekyrkja.
Kroninga av Magnus skjedde i Bjørgvin, ikkje i Nidaros, som ville vere naturleg sidan kyrkja hadde ei sentral rolle. Bjørgvin var kjerneområde for stormenne som stod bak Magnus som konge, og Norén Isaksen27 reflekterer over om dei følte seg tryggare her enn i Nidaros. Enten har grupperinga rundt Magnus hatt makt nok til å be dei kyrkjelege representantane kome til Bjørgvin, eller dei kyrkjelege representantane har meint kroninga har vore så viktig at dei har reist til Bergen. Eiden kong Magnus avla som konge er bevart, og her er truskap til pave Alexander III eit element.
Norén Isaksen reflekterer over om kong Sverre og etterkomarane hans har påverka sagaskrivarane til å tone ned kor viktig kong Magnus sin kongsperiode var, og kva kontaktar han hadde, for å styrke seg sjølv. Sverre vart lyst i band av paven og nekta kroning, og sonesonen, Håkon Håkonson, måtte vente 30 år på paveleg velsigning.28
Kontakten med paven sin utsending og den internasjonale påverknaden av lovgjevinga knytt til kroninga, viser at Magnus sitt rådgjevingskorps har hatt viktige kontaktar internasjonalt og i kyrkja. Det er vel grunn til å tru at denne kontakten ikkje oppstod spontant i samband med kroninga, men var bygd opp over tid og kanskje frå tidlegare generasjon. Kanskje vart også Stødle kyrkje også bygd tidlegare enn det har vore vanleg å tenkje.
4. Kven har bygd kyrkja? – Gravminne under ufsedropane
Det står eit gravminne på sørsida av steinkyrkja der kyrkja smalnar til koret. Gravminne er lite nemnd i litteraturen. Bokverket «Norges Kirker» omtalar det som «sett saman av tre steinar, ein avlang, liggjande stein med opphøgd rygg etter midten og to høgre runda endestykke. Gravminne er nedslite, og i dag er det ikkje råd å spora evt. innskrifter eller ornament, unnateke ein kross på innsida av fotenden.»29 Det er få slike kostbare gravminne i Norge. Arkeologen Øystein Ekroll har arbeidd mykje med steinkyrkjene frå mellomalderen. Han skriv i Store norske leksikon, ein artikkel om Giske kyrkje (der det også er eit slikt gravminne), om gravminne på «Stødle kyrkje i Sunnhordland, jarl Erling Skakke og kong Magnus Erlingssons gårdskirke. Det (gravminne) har samme plassering ved korets sørvegg, og ligger kanskje over Erlings far, som kan ha bygget kirken.»30

Historikaren Trond Norén Isaksen fatta interesse for dette gravminne på eit besøk i Etne i 2018, og i Etne sogelag si Årbok for 2018 har han ein artikkel om slike gravminne og plasseringa generelt og om gravminnet på Stødle spesielt.31
Gravminnet ligg på den mest heilage plassen, der dei første ufsedropane (takdryppet) fell når sola smeltar rimen på taket over koret. Med ei slik plassering er det klart at dette er ei lendmannsgrav, og det var vanleg at kyrkjebyggaren fekk denne heidersplassen ved kyrkja når han døydde, skriv Norén Isaksen.
Vi veit at Erling Skakke er gravlagd i Nidarosdomen. Om broren, Ogmund Denge veit vi lite, utover at Snorre fortel at han døydde mens Erling var til Jorsal.
Kanskje var det Ogmund eller faren Kyrpinga-Orm som bygde Stødle kyrkje, og har fått denne plassen. Orm døydde rundt 1142, Ogmund mellom 1150 og 52, og kyrkja er i så fall eldre enn det ein tidlegare har tenkt. Dette kan tyde på at kyrkja er bygd mellom 1120 og 1150, hevdar Norén Isaksen.
At kyrkja opphavleg var ei privatkyrkje knytt til ætta på Stødle tvilar ikkje historikarane på.
Kyrkja ligg på garden Stødle, og ut frå arkitekturen kan vi seie at ho er bygd på 1100-talet. Det er dermed all grunn til å tru at kyrkja er bygd av Orm, Ogmund eller Erling, som eigde Stødle på denne tida, og det er ei høgendeskyrkje, dvs. ei privatkyrkje for stormannsætta. Øystein Ekroll32 peikar på storleiken ( steinkyrkja er relativt lita) og at ho manglar eigen «presteinngong» frå sør i koret. Det gir grunn til å tru at presten var ein del av hushaldet hos gardsfolket og kom til kyrkje saman med dei. Dei hadde ressursane til å få kyrkja bygd: internasjonale kontaktar med kunnskap om bygging og, økonomiske ressursar til å gjennomføre prosjektet.
5. Dei tidlegaste skriftlege kjeldene om kyrkja
Det er lite vi veit frå samtidige skriftlege kjelder om bygginga av Stødle kyrkje.
Stødle kyrkje (eller eigentleg presten i Stødle) er første gang nemnd skriftleg i 1329. Diplomateriet er ei samling med skinn der viktige tekster er skrivne opp. I eit skinn frå 132933 er det omtalt kva enkelte prester skal betale i skatt (tiends) til biskopen i Bjørgvin. Her er Stødle ((Stodlu) med i teksta.
Bergen Kalvskinn er ei oversikt over kyrkjer og sokn knytt til Bjørgvin bispedøme skrive i første halvdel av 1300-talet. I innhaldslista er Etne nemnd med to sokn: Gjerde og Grindheim.34. At Stødle ikkje er nemnd, kan kome av at Stødle framleis var knytt til garden Stødle, og ikkje var eige sokn på den tida.35
I Bergens rimkrønike, som er ei historiebok på rim frå år 1570-1580, står det at Erling gav eigedomar til og kosta Halsnøy Kloster.36
6. Kyrkja frå 1100-talet og fram til i dag: eigarar, påbygg, forfall og restaurering.
Det er stor semje om at Stødle kyrkje blei bygd som privatkyrkje, høgendeskyrkje, for ætta på Stødle på 1100-talet. Vi veit ikkje kva som skjedde med kyrkja og garden etter at kong Magnus Erlingsson fall i 1184. Men på eit eller anna tidspunkt er kyrkja blitt soknekyrkje for Stødle sokn. På 1600-talet er kyrkja referert til som Christ Hovid Kirkche.37
Ståle Dyrvik reflekterer over om Stødle er oppretta som sokn seinare enn Gjerde og Grindheim, mykje på grunn av Stødle sokn sin ulogiske geografiske form.38
Stødle kyrkje var katolsk, sjølvsagt, det var ikkje alternativ, fram til reformasjonen i 1536, då kongen overtok alle kyrkja sine eigedomar. I 1723 trong Danmark-Norge å styrke statsfinansane og dei fleste kyrkjelege eigedomane vart selde. Stødle kyrkje vart kjøpt av J. F. Tücsen.39 Kyrkja hadde ulike private eigarar fram til ho i 1860 vart kjøpt av Etne kommune.
Kyrkja er bygd på og restaurert i fleire omgangar. Eingong før 1656 er kyrkja utvida mot vest med skip av tre/tømmer og med tårn. Det er ikkje klart når dette har skjedd. Tårnet var truleg i vest (der det står no), i bindingsverk og kledt med spon og tjærebredd. Etter ein storm i 1673 måtte tårn og tømmerkyrkje festast saman med eit «kåpebånd», for å binde tårn og skip sammen.40 I 1690-åra vart tømmerdelen av kyrkja bygd heilt på ny, «efftersom den gamble Stafve Kirche var aldeelses forfalden».41 I kyrkjestoleboka frå 1693 – 95 står det at fire menn er betalt for å ta ned klokkene frå det gamle tårnet.42
Den nye tømmerkyrkja frå 1690-åra (som står i dag) vart stort sett bygd av nytt tømmer, ny bordkledning og nytt sperreverk i taket. Materialane er kjøpt hos Hans Andersen Årvik i Skånevik, fløytt til Etne og frakta opp til Stødle. Andre material var kjøpt hos kaptein Montagne. Kyrkja og stiftsskrivaren har delt utgiftene.43 Kyrkja var utan tårn etter restaureringa.
Nytt tårn blei bygd først i 1879. Pengar var samla inn av ein kvinneforeining. Teikningar var gjevne av gardbrukar Thorleif Gravelsæter og byggmeister Ole Bjørnson Enge. Tårnet var tekt med sponfliser som var kokte i koparnitrat, på toppen ei koparkule med den gamle hanen, som før stod på taket fremst på kyrkja. Heile tårnet kosta 1000 kroner.44 Først i 1924 vart det lagd steinheller på tårnet.
Tårnet stod utan sidebygg og utan overbygg over inngangsdøra. I 1960 vart det bygd tilbygg i sør (sakristi) og i nord (mellom anna toalett og trapp til gang framfor galleriet.)
Det opphavelege koret vart ikkje restaurert i gjenoppbygginga på 1790-talet, og stod utan tak i lang tid. Rundt år 1700 fekk soknepresten Hans Kamstrup løyve til å bruke det som gravkammer for seg og sin familie.45 Ein Neumann er sitert fleire plasser, han registrerte nok kyrkjer i Hordaland. I 1825 omtaler han det gamle koret som «en herlig ruin med maleriske buske paa sine forfaldne mure.»46 Koret blei oppussa utvendig og innvendig i 1872.47 Rommet er seinare omtalt som sakristi. I visitasmelding frå 1830 forplikta kyrkjeeigarane seg til å tette opninga inn til det eldste koret. På interiørbilde frå rundt 1900 er opninga framleis attfylt.48
Under det noverande koret er det ein eldre, mura gravkjellar med tilgang gjennom luke i golvet. Kjellaren er om lag fire meter lang og to meter brei innvendig. Muren i kjellaren er gammal, til dels med eldre puss, og bevart i om lag ein meters høgd, til dels nedbroten i overkant. Gravkjellaren har jordgolv.49
Si noverande form fekk kyrkja i samband med omfattande restaurering i 1957-58, utført av konservator Ola Sæter, og med utvendige tilbygg i 1960.
I 2020 vart taket på koret, sørsida av skipet og utbygga ved tårnet tekt om. Skader i konstruksjon og undertak vart reparert.
I 2021 fekk kyrkja nytt automatisk brannalarmanlegg og nytt sløkkjeanlegg basert på gass.50 Det blei også monter utvendig brannsikring, i form av deteksjonsanlegg.
I tårnet var det stor lekkasje i bordkledninga. Dette vart ei utfordring for brannsløkkjeanlegget, då gassen ville siva ut for fort. I 2022 vart det difor utført utbetring og utskifting av bordkledninga på tårnet. Det vart kitta og måla for best mogeleg tetting.
I 2023 vart elektrisk anlegg oppgradert. Det vart ny el-tavle og leidningsnett. Dei gamle røyromnane vart kopla frå, og ny oppvarming montert.51
7. Kyrkja i dag – inventar
.jpg&portalid=0)
7.1 Alter
Alteret står i steinkyrkja, der skipet i den første kyrkja er blitt kor. Det er eit kasseforma alter med glatte fyllingar i ramverk. På den øvre ramma bak på alteret er det skore inn initialar, truleg frå 1600-talet. På ramma mellom listene er det i samband med siste restaurering, måla ein rankeslyng, truleg ein rekonstruksjon av tidlegare dekor.
Alterduken er teikna av Maria Tyssedalstveit, med motiv «kross og krune», og sydd av Gudrun og Herborg Børve.52

7.2 Krusifiks på alteret
Det er eit frittståande krusifiks på alteret, signert T. Moseid. Krusifikset er av romansk type. Kristus er gjengjeve med krone og glorie. Krossarmane endar i kvadratiske utvidingar. Krossen står på ein kube som er skrudd fast til alteret. Krossen vart sett opp i samband med restaureringa i 1957-58 og er gitt Gjøa og Gudmund Stødle.
7.3 Alterring
Noverande alterring er frå siste restaurering. Knefallet dannar tre sider med opning på begge sider av alteret. Det er rund handlist på toppen med hylle på innsida for å setje kalkane (begera) under nattverd. Det er 1950-tals baluster-rekkverk og stoppa knelepute på tresokkel. På bilde frå rundt 1900 er det ein mindre alterring.
7.4 Døypefont

Døypefonten har åttekanta topp frå ein eldre døypefont. Dåpsfatet er i messing. Dette kan vere dåpsfatet som er nemnd i inventarlister frå 1662 og framover.
7.5 Preikestol

Preikestolen er trearbeid frå renessansen.53 Fire stolpar med utskjeringar rammar inn tre felt med utskorne bogar. På stolpane er det figurar med manns- og kvinnehovud med kvinnebryst og i bogane er det englehovud. På trappa opp til stolen er det rekkverk med tre felt med skrift.
7.6 Lysekroner

I noverande kor heng det ei barokk lysekrone for 12 brennande vokslys. Lysekrona kan vere identisk med ei som er ført inn ekstra i inventarlista for 1687-89: «Messing LyseCrone forærit af Montaigne Lilliensiold A0 1704». Krona er opphengt i ring. Lillienskjold var oberstløytnant og busett i Fjellberg.
I skipet heng ei nyare lysekrone med 24 s-forma lysarmar. Denne har elektrisk lys. Denne lysekrona er gitt av Gjøa og Gudmund Stødle.
7.7 Altertavle
Det er delar av ei rekonstruert altertavle (katekismetavle) på nordveggen i noverande kor. Delane har ein periode vore brukt som brystning i klokkarstolen. Øvst på veggen heng ei kvadratisk plate med rundt skriftfelt med 2. og 3. trusartikkel. Under heng ei rektangulær del av plate der «Fader vor» er måla.
7.8 Glasmaleri
I det vesle rundboga vindauge heilt aust i kyrkja, i det eldste koret, er det glasmaleri (glasmosaikk i blyinnfatning med delvis påmalt glas) som viser den lidande Kristus på krossen. Glasmaleriet er signert B. Greve – A.D. MCMLVIII, dvs 1958. Glasmaleriet kom opp i samband med den omfattande restaureringa i 1957-58-talet og er gitt av skipsreiar Odfjell i Bergen.54

Under glasmaleriet er det eit mindre alter bygd av gamle brystningsfelt i samband med sist restaurering.
Det er spesielt at det er to krusifiks (krossen på alteret og glasmaleriet) i same kyrkje. I Stødle representerer krossen på alteret Kristus som konge, den sigrande Kristus, medan krusifikset på glasmaleriet viser den lidande Kristus.
7.9 Figurar i kyrkjeskipet (tømmerkyrkja)

Tømmerskipet har veggdekor måla i limfarge med 13 figurar i bogar på øvre delen av veggen. Dekoren er frå 1700-talet og delvis restaurert i samband med oppussinga i 1957-58. Figurane viser Jesus og læresveinane.
7.10 Offerkar
Offerkar av tre festa til dørkarm nord for inngang i skipet.
7.11 Galleri

Det er galleri i vest, der orgelet er plassert. Tidlegare har det også vore galleri på nordveggen. Under oppussinga på 50-talet vart panel med framstilling av kvinner, tolka som dei kloke og dei uforstandige brudejentene (Matt 25,1), brukt til brystning på galleriet.
7.12 Orgel
Orgelet er frå Vestre orgelfabrikk i Haram frå 1965. Det har åtte stemmer fordelt på to manualar og pedal. Orgelet er bygd inn på begge sider av inngangsdøra i bakkant av galleriet. På kvar side er det rektangulære pipefelt. Spelepulten er på nordsida.
Det første orgelet var sett inn i 1893, etter initiativ frå sokneprest Wicklund og kona Catrine Tambs Wicklund. Prestefrua var første organist.55
7.13 Latinsk kross
Latinsk kross med kløverbladarmar, var tidlegare på alteret, heng no på veggen i trappegangen opp til galleriet.
7.14 Kyrkjeklokker
Kyrkja har to mellomalderklokker. I inventarliste frå 1662 har kyrkja ei klokke, mens lista frå 1687-89 nemner to. Den eine klokka har nyare kolv og merke etter reparasjon innvendig.
8. Avslutning
Vi har gitt eit riss av historia til Stødle kyrkje over snart 900 år. Fram til vi på 1600-talet fekk ei kyrkjeforvaltning med visitasar med referat, og skriftleg korrespondanse mellom prest og biskop, veit vi ikkje mykje sikkert om kyrkja. Stødle er nemnd skriftleg i 1329 og frå 1600-talet er det ulike skriftlege kjelder. Noko er tilgjengeleg på nett, mykje må leitast fram i ulike historiske arkiv. Ein upublisert stensil med omtale av kyrkjene i Etne (u.å) finst på kyrkjekontoret. Meir omfattande dokumentasjon har Anne Marta Hoff gjort i verket Norges Kirker, Hordaland, bind II. Dette er tilgjengeleg i Nasjonalbiblioteket sitt nettbibliotek. Stødle kyrkje er elles nemnt i mange andre bøker og artiklar, nokre av dei er det referert til i litteraturlista.
«Stødle kyrkje er ein juvel mellom kyrkjene i bispedømet», sa biskop Indrebø under vigslingshøgtida etter restaureringa i 1958.56
«Stødle kyrkje er ein liten skatt som altfor få kjenner til»,57 skriv arkeolog Øystein Ekroll, som arbeider med restaurering i Nidarosdomen, i e-post når vi stiller han spørsmål om kven som i praksis bygde slike kyrkjer.
Det er mange spørsmål vedkomande Stødle kyrkje vi ikkje veit svara på i dag. Kanskje kjem fleire svar med ny forsking, eller det blir reist nye spørsmål. Men kyrkja står der, som eit monument over ein 900 år lang tradisjon med gudstru i Norge.
Referansar:
1Bendixsen 1904, s 158, sitert frå Ingvaldsen 1996.
2Ursin (1952), s. 53.
3Upublisert stensil (u.å), Etne kyrkjekontor, s. 4
4Epost 30.01.25
5Hoff, A M. (2000) s. 71 ff
6Arkeolog Øystein Ekroll i epost 24.01.25.
7Etnesoga, band I, s 151 ff
8Ingvaldsen 1996. s 38 f.
9Etnesoga, band 1, s 145.
10Neumann 1836, sitert frå Brendalsmo 2016, s 20.
11Frå https://www.kringom.no/nb/sunnhordland/etne/stole
12Etnesoga, band I, s 262 ff
13Sturlason S. s. 197
14Sturlason S. s. x
15Holtsmark, A. (1970), s 97
16Sturlason, Snorre. (1979) s 621
17Isaksen T N, (2018) s. 6
18Holtsmark, A. (1970) s. 165
19Sjå Isaksen, T N, (2017) s 239, for diskusjon om året.
20Sturlason, Snorre. (1979). s. 663 f.
21Isaksen T N, (2017) s 231 ff
22Isaksen T N, (2017) s 247 ff
23Sunde, J Ø. (1) s. 86.
24Øyrehagen Sunde (1) s. 86 og 90.
25Øyrehagen Sunde (2) s 149
26Øyrehagen Sunde (1) s. 86
27Isaksen T N, (2017) s 209
28Isaksen T N, (2017) s. 221
29Hoff, A M. (2000) s. 85.
30Førsteamanuensis Øystein Ekroll, Nasjonalt kompetansesenter for verneverdige bygninger i stein, sitert frå Giske kirke i Store norske leksikon på snl.no. Hentet 29. januar 2025 fra https://snl.no/Giske_kirke.
31Isaksen T N, (2018), s. 6ff
32Øystein Ekroll i epost 24.01.2025
33Diplomatarium Norvegicum bind I-XXIII. Nr 206. (1329).
34Halvorsen m fl (1989). s. 14 og 1v.
35I følgje Askeladden, Riksantikvaren sitt oversyn over kulturminne, sitert frå kulturminnesøk, https://www.kulturminnesok.no/kart/?q=st%C3%B8dle%20kyrkje&am-county=&lokenk=location&am-lok=&am-lokdating=&am-lokconservation=&am-enk=&am-enkdating=&am-enkconservation=&bm-county=&cp=1&bounds=59.673743419502536,5.964787602424622,59.672389082490724,5.966933369636536&zoom=18&id=b3f0b323-55b0-11eb-818d-005056bf3d73. Henta januar 2025.
36Vislie (1925), s. 23
37Kyrkjestoleboka 1699-1701, sitert frå Hoff, A M. (2000), s. 72.
38Etnesoga (1968), s. 312.
39Hoff, A M. (2000), s. 71.
40Upublisert stensil (u.å) Etne kyrkjekontor, Etne kyrkjekontor, s. 4, se også Hoff (2000) s. 73.
41RA, rentekammeret, real. Ordn. Avs., pk 3, Sitert frå Hoff (2000), s. 71.
42Hoff, A M. (2000) s. 77.
43Hoff (2000) s. 72.
44Munnleg kjelde, kyrkjeverje Aud Jorun Baustad.
45Kyrkjestoleboka 1699-1701, sitert frå Hoff (2000) s. 72
46Hoff, A M. (2000) s.73.
47B.E Bendixsen. Fornlevninger i Sunnhordland Aarsb. 1898, s 38-91
48Hoff (2000), side 75.
49Hoff 2000), s. 76.
50Inergen-gass er ikkje korrosiv, bidreg ikkje til forbrenning og reagerer ikkje med materiale i brannrommet. Den inneheld berre naturleg førekommande gassar som ikkje har noko innverknad på ozonlag eller miljøet generelt. Når Inergen blir sleppt ut i eit rom, vert den rette blandinga av gassar danna, som tillet menneske å pusta inn i redusert oksygenatmosfære. Inergen vil redusera oksygenkonsentrasjonen til 10-13%, mens karbondioksidinnhaldet vert auka til 3-4%. Auke i karbondioksidinnhaldet aukar kroppen sin evne til å absorbera oksygen. Dei fleste brannar er sløkt når oksygennivået er redusert til 15%.
51Vedlikehaldet i 2022 0g 2023 er oppsummert av kyrkjeverje Aud Jorun Baustad.
52Upublisert stensil (u.å) Etne kyrkjekontor, s. 8
53Hoff, A M. (2000), (2000) s 80.
54Munnleg opplysning i komiteen for informasjonsarbeidet
55Årstal fra Norges Kirker (2000), s 81, omtale elles frå Wicklund (2024), s. 69.
56Upublisert stensil (u.å) Etne kyrkjekontor, s. 8.
57Epost januar 2025.
Litteraturliste:
Bendixen, B. E. (1904). Kirkerne i Søndre Bergenhus amt – bygninger og inventarium. Bergen, sitert fra Ingvaldsen (1996).
Brendalsmo, J. (2016) Kildegjennomgang: Middelalderske kirkesteder i Hordaland fylke
Diplomatarium Norvegicum bind I-XXIII. Nr 206. (1329). En Optegnelse om Pavetiendens Belöb i Bergens Bispedömme, ifölge Anordning af Stiftets Biskop Audfinn. https://www.dokpro.uio.no/cgi-bin/middelalder/diplom_vise_tekst.cgi?b=207&s=n&str=
Dyrvik, S. (red) (1968). Etnesoga, Band 1. Etne Bygdeboknemnd.
Halvorsen, E F & Hødnebø, F & Rindal, M. (1989). Bergens kalvskinn. Selskapet til utgivelse av gamle norske håndskrifter.
Hoff, A M. (2000) Stødle kyrkje. I Hoff, A M & Lidén, H-M. Norges Kirker, Hordaland bind II, Norsk institutt for kulturminneforskning, Gyldendal 2000. Nasjonalbiblioteket, nettbiblioteket, nb.no
Holtsmark, A. (1970). Orknøyingenes saga. Aschehoug. https://www.nb.no/items/b4c54f607ac711edc75f79f6838c4588?page=0
Ingvaldsen, L M. (1996). Kirkene i Søndre Sunnhordland i tidlig- og høymiddelalder. Hovedfagsoppgave i arkeologi, Universitetet i Bergen.
Isaksen, T N. (2017). Hellig krig om Norges trone. Historie og kultur,
Isaksen, T N. (2018). Stødle kyrkje – trolig eldre enn antatt. i Etne Sogelag Årbok 2018.
Jørgensen O-J. (2016). Bergen kalvskinn. Kildeutgivelser frå Riksarkivet.
Sagaen om kong Sverre Sigurdsson. I Flatøybok, bind 4, Sagabok 2018.
Sunde, J Ø. (2019). «Aldeles berøvet forstandens brug». Konedrap i Møllendal i 1798 og psykisk sjuke mordarar i norsk rettshistorie. I Integritet og ære, festskrift til Henry John Mæland. Gyldendal
Sunde, J Ø. (2023). 1000 år med norsk rettshistorie. Dreyer.
Sturlason, Snorre. (1979). Snorres kongesoger. Samlaget/ Den norske bokklubben.
Upublisert stensil.(u å) [Omtale av kyrkjene i Etne.] Etne kyrkjekontor. (I føreordet er det takk til Ståle Dyrvik, Ingvald Gravelsæter, Torleif Gravelsæter, Karl Grindheim og Torkel Grindheim for informasjon og bruk av materiale. Desse kan vere forfattarane. I utgåva på kyrkjekontoret står det med handskrift: Harald Mæland 1982. Dette kan vere forfattar og publiseringsår.)
Ursin, J. (1952). Helligdom og symbolikk. Land og kirke. https://www.nb.no/items/21887ad511f826c19120657a9bf13a83?page=0&searchText=j.%20ursin
Vislie, G. (1925). Bergens rimkrønike. Det Mallingske Bogtrykkeri. https://www.nb.no/maken/item/URN:NBN:no-nb_digibok_2006120700108/open
Wicklund, A. (2024). Barne- og ungdomsminne Del 1. i Etne sogelag, Årbok 2024.
Atikkelen er utarbeidd i samband med oppsetting av ny informasjonstavle utanfor Stødle kyrkje. Informasjonstavla er støtta av Elagsfondet, og arbeidet er eit samarbeid mellom Etne sogelag og Etne sokneråd.