Vedteke av Etne kyrkjelege fellesråd 25.04.2017 FR-sak nr. 31/17. Redigert 29.10.2026 sak 31/26
Godkjent i Bjørgvin Bispedømmeråd 30.09.2024
1. GENERELT
All utleige/utlån av kyrkjene føregår i tråd med Forskrift om reglar for bruk av kyrkjene fastsett av Kirkemøtet 14. november 2021 med hjemmel i lov 24. april 2020 nr. 31 om tros- og livssynssamfunn (trossamfunnsloven) § 15 første ledd annet punktum og kirkeordning 30. mars 2019 nr. 2307 for Den norske kirke § 22 tredje ledd.
1.1. Om utleige
1.1.1 Utlån/leige av kyrkjene i Etne kommune til arrangement som ikkje er ein del av kyrkjelyden sitt arbeid, kan berre skje etter godkjenning av soknerådet. Søknad om leige må innehalde beskriving av arrangementet, inkludert tekstar og musikk som skal framføras, samt plan for oppsetjing av teknisk utstyr.
1.1.2 Utleige kan berre skje når kyrkjetenar eller ein person utnemnd av kyrkja er til stades under arrangementet.
1.1.3 Når soknerådet har godkjent utleige av kyrkja, sørgjer kyrkjeverja eller den kyrkjeverja har gitt mynde, for at vilkår for utleige blir avtalt, rekningar sendt etc.
1.1.4 Eventuell avslag på søknad om utleige kan klagast til biskopen jf. reglar for bruk av kyrkja § 6.
1.2. Leigetakar sine plikter
1.2.1 Leigetakar må rette seg etter dei retningslinjer som blir gitt av soknerådet og kyrkjeverja ved inngåing av avtale om utleige. Dette gjeld pynting, bruk av levande lys, oppsett av teknisk utstyr og andre forhold som kan ha med bevaring av kyrkja sine rom å gjera.
1.2.2 Leigetakar må rette seg etter regler for brannvern og sørga for nok brannvakter.
2. UTLEIGE TIL KONSERT m.m.
2.1 Ved utleige av kyrkja til konsertar m.m. der arrangement ikkje kjem inn under soknet si verksemd, skal det betalas leige etter følgjande satsar:
Arrangørar med lokal tilknyting: 10% av brutto inntekter, men minimun kr. 1000,-
Kommersielle aktørar: 15% av brutto inntekter, men minimum kr. 2000,-
Andre arrangørar: 15% av brutto inntekt, minimun kr. 1500,-
Øving til konsert annan dag enn konsertdagen: kr. 500,-
Leige av ubetjent lydanlegg kr. 500,-
Leige av lydanlegg med teknikar kr. 2000,-
Ved arr. i Stødle, Grindheim eller Gjerde kyrkjer vil det også bli ein tilleggskostnad
på kr. 500,-
Dette dekkjer straum, reinhald og tenestar utført av kyrkjetenar.
Ved særskilde høve kan soknerådet vedta redusert takst ved konsertar utan inntekter ved billettsal eller kollekt.
2.2 Ved avtalt omvising utanom ordinær arbeidstid kan det betalast kr. 500,-
3. UTLEIGE TIL VIGSEL
3.1 Vigsler i kyrkjene, for medlemmer av Den norske kyrkja, ved andre enn soknet sine
prestar, kan berre gå føre seg etter soknepresten sitt samtykke.
3.2 Vigsler der ein eller begge bur i, eller har nær familie i kommunen og
er medlemmer av Den norske kyrkja:
Dette vert sett på som del av kyrkja sitt arbeid og det vert ikkje kravd noko form for avgift.
Dette inkluderer tenester frå kyrkja sin kyrkjetenar, samt organist.
3.3 For personar som ikkje kjem inn under punkt 3.2, eller ikkje er medlemer i kyrkja
vert det avgift etter følgjande satsar:
Grunnleige kr.2500,- (inkluderer oppvarming, reinhald og tenester utførd av kyrkjetenar)
Tillegg for bruk av tilsett organist kr. 2000,-
3.4 Ved vigsle i Stødle, Grindheim eller Gjerde vil det bli ein tilleggskostnad på kr. 500,- Dette gjeld alle, uansett bustad eller medlemsskap.
Leigesummen vert kravd inn av kyrkjeverja.
Eventuell betaling til prest må avtalast med forrettande prest.
4. AVGIFT VED GRAVFERD
4.1 Personar busett i Etne kommune
4.1.1 For personar som var medlem i kyrkja og busett i kommunen då dei døydde, vert det ikkje kravd noko avgift for gravferdsseremonien eller for opning og lukking av grav.
4.2 Personar som ikkje var busette i kommunen, eller som ikkje var medlem i kyrkja Vert det kravd inn følgjande avgifter
Bruk av kyrkja:
Grunnleige kyrkje kr.2500,-
(inkl. oppvarming, reinhald og tenestar utført av kyrkjetenar)
Tillegg ved bruk av tilsett organist kr. 2000,-
Eventuell betaling til prest må avtalast med forrettande prest.
4.3 Ved gravferd i Stødle, Grindheim eller Gjerde vil det bli ein tilleggskostnad på kr. 500,- Dette gjeld alle, uansett bustad eller medlemsskap.
Når det gjeld gravferder for personar som ikkje er busette i kommunen, sjå også fotnote
5 IKRAFTTREDELSE OG VERKNAD
Reglane trer i kraft frå og med 01.oktober 2024
For personar som ikkje var busett eller hadde nær familie/tilknyting i kommunen vert det kravd inn følgjande avgift:
Opning og lukking av grav:
Opning og lukking av kistegrav kr.4000,-
Opning og lukking av urnegrav kr.1500,-
Leigesummen vert innkravd av kyrkjeverja.