Mi kyrkjebok 4


Kyrkja sitt tilbod til barn som blir 4 år i 2022 i Etne og Skånevik:

 

Kjære 4 åring!

I år fyller du 4 år og me er så glade for at du er ein del av kyrkjelyden vår. Me vil derfor gi deg Mi Kyrkjebok 4, ei spennande bok med songar, bibelforteljingar og teikneseriar om Bo og Nora.

Me ynskjer å invitera deg til familiegudsteneste i Etne kyrkje søndag 13. november til utdeling av Mi Kyrkjebok 4. Meld deg på i forkant av gudstenesten så ligg det bok klar med navn i når du kjem til kyrkja.
I Skånevik inviterer me deg til utdeling av Mi Kyrkjebok 4 på familiegudstenesta med hausttakkefest  9.oktober. 

Påmelding Mi Kyrkjebok 4 Skånevik ligg her

Påmelding Mi kyrkjebok 4 i Etne ligg her

Me inviterer deg og til å vera med på "Bli-kjent" samling i Skånevik laurdag 8. oktober og i 
Etne kyrkje mandag 14., 21. og 28. november kl 17.00- ca.18.30.
 

Her blir det samling med song, bibelforteljing, litt mat og hobbyaktivitet.

Påmelding "Bli-kjent" samling Etne ligg her

Påmelding "Bli-kjent" samling Skånevik ligg her

Velkommen!

Ta gjerne kontakt om det er noko de lurer på.

Venleg helsing utvalet for trusopplæring i Etne,

v/ Elisabeth Vae Haaland

Kyrkjelydspedagog. 

53771172 / 90062728

tru@etnekyrkja.no 

Dette er eit ledd i trusopplæringa i kyrkjelyden vår. Alle barn i Skånevik og Etne som er født i 2018
er døypte og medlem i Den Norske Kyrkja vil få tilsendt brev med invitasjon i posten.

Om du kjenner barn som ikkje er medlem av kyrkja er dei sjølvsagt velkommen til å vera med!

Tilbake