Krølletreff og småbornssong


KRØLLETREFF OG SMÅBARNSSONG FOR 2 -ÅRINGANE i Skånevik og Etne!

 

Kjære 2- åring!

I år er det to år sidan du blei døypt. Me er glade for at du er ein del av

kyrkjelyden vår. No ynskjer me at du skal bli betre kjent i kyrkja og me

ynskjer å bli betre kjend med deg.

Velkommen til Krølletreff og småbarnssong i Skånevik kyrkje og Etne kyrkje

laurdag 23. oktober kl 12.00-13.00 i Skånevik og 30. oktober 14.00-15.00 i Etne.

Me skal synge, høyre bibelfortellinga om sauen som gjekk seg vill og gå på
sansevandring på leit etter sauen. I Etne får du boka med deg heim etter treffet, i Skånevik får du boka på gudstenesta søndag 24. oktober.

For påmelding trykk på linken som passar under.

Påmelding SKÅNEVIK ligg her

Påmelding ETNE ligg her

Dette er eit ledd i trusopplæringa i kyrkjelyden vår. Alle døypte barn i Skånevik og Etne som er født i 2019
og er medlem i Den Norske Kyrkja vil få tilsendt brev med invitasjon i posten. Om du kjenner barn som ikkje er medlem av kyrkja, er dei sjølvsagt velkomne til å vera med!

Tilbake

Tilbake