TÅRNAGENT-HELG


TÅRNAGENT-HELG i Gjerde kyrkje laurdag 25. og søndag 26. januar.

Tårnagentlogo

 


 

NB! Her er ei topp hemmeleg melding til deg som er 8 år og dine føresette.

 

Me treng deg til å vera med å løyse oppdrag og mysterier!

Difor ynskjer me alle 3. klassingar i Etne og Skånevik velkomne til Tårnagenthelg!

Agentmøtet laurdag startar i Gjerde kyrkje kl. 16.30 og held på til ca. 19.30. Då vil alle agentar få utdelt agentbevis.

Søndag treffest me i god tid til Tårnagentgudsteneste kl. 11.

Klarer de agentar å løyse alle mysteria……..så er det utlova ein dusør!

I 2025 vil det vera mange agentar i mange kyrkjer over heile landet som skal løyse mysterier. Me håpar du har lyst å vera med!

PÅMELDING innan tirsdag 22. januar!

Få føresette til å melde deg på. 

 

PÅMELDING HER 
 

Mvh

Elisabeth Vae Haaland

Barne og ungdomsarbeidar

 

Dette er eit ledd i trusopplæringa vår.
Alle barn i Etne og Skånevik født i 2016, som er døypte og er medlem av den norske kyrkja, får invitasjon i posten. Om du kjenner barn som ikkje har fått invitasjon er dei sjølvsagt velkomne til å vera med. Påmelding her på nettsida.

 

Tilbake