Etne kyrkjelege fellesråd har ledig vikariat som ORGANIST/KYRKJEMUSIKAR I 80% frå 1.august 2022, i 1 år med mulig forlenging.
Etne kommune ligg i Sunnhordland, ca 6 mil aust for Haugesund. Her er omlag 4000 innbyggjarar. Etne kommune har to tettstader, Etne og Skånevik, som begge er levande og aktive senter med eit aktivt kyrkje- og kulturliv; mykje song- og musikkaktivitet, inkludert ein god kulturskule og aktive idrettslag. Kommunen har rik natur, og her er gode vilkår for sport og friluftsliv både sommar og vinter. Etne har full barnehagedekning og gode skular. Etne sentrum er eit handelssentrum som tilbyr alt ein treng.
I Etne kommune er det 2 kyrkjesokn, Etne og Skånevik – og det er i alt 5 kyrkjer og 2 kapell her. I Etne sentrum er det ei ny moderne kyrkje som vart vigsla i 2013. Fleire av dei andre kyrkjene er av stor historisk verdi. I Etne og Skånevik er det forretta om lag 90 gudstenester, ca 40 gravferder og 10-15 vigsler.
Orgla i Etne og Skånevik sokn:
- Skånevik kyrkje har Jemlich pipeorgel med 14 stemmer, 2 man.
- Gjerde kyrkje har Van Vulpen pipeorgel med 14 stemmer, 2 man.
- Stødle kyrkje har Vestre pipeorgel (Elektropneumatisk) med 8 stemmer, 2 man.
- Grindheim kyrkje har Vestre pipeorgel/positiv med 6 stemmer, 1 man.
- Fjæra kapell har Jemlich pipeorgel/positiv med 5 stemmer, 1 man.
- Etne kyrkje har Johannus digitalorgel med 54 stemmer, 3 man.
Staben består av kyrkjeverje, organist, kyrkjegardsarbeidar, kyrkjelydspedagog, kyrkjelydssekretær og 2 sokneprestar. Det er eit stort frivillig engasjement og godt samarbeid mellom kyrkje og bedehus. Kyrkjeadministrasjonen har kontorfellesskap i Etne kyrkje.
Organisten har hovudansvaret for den kyrkjemusikalske verksemda i begge sokna i fellesrådsområdet, og har fylgjande oppgåver:
- Delta i planlegging og gjennomføring av gudstenester og kyrkjelege handlingar og andre arrangement saman med prest, andre tilsette og frivillige.
- Deltaking i konfirmantarbeid, trusopplæring og samarbeid skule/kyrkje.
- Leggje til rette for frivillige i kyrkjemusikkarbeidet og samarbeide med det lokale musikklivet
- Vera med på stabsmøte, og delta i stabsarbeidet.
- Ansvar for tilsyn og vedlikehald av instrument og utstyr.
Me søkjer ein person som:
- Har utdanning innan kyrkjemusikk eller anna relevant utdanning/erfaring.
- Er god på samarbeid, planlegging og gjennomføring.
- Kan arbeide både sjølvstendig og i team.
- Kommuniserer og samarbeider godt med barn, unge og frivillige medarbeidarar
- Beherskar norsk både skriftleg og munnleg.
Me kan tilby:
- Varierte oppgåver
- Godt arbeidsmiljø i ein stab som vil og får til mykje
- Løn i tilsetjingsvilkår heimla i KA sin tariff.
- Pensjonsordning i KLP
- Deler av arbeidstida er lagt til kveld, helg og høgtid.
Anna
- Søkjaren må vera medlem av den norske kyrkje
- Søkjaren må disponera eigen bil
- Politiattest må kunna leggjast fram.
- Det blir lagt opp til prøvespeling i samband med intervju.
- Personlege eigenskapar vil bli lagt vekt på
Nærar opplysningar kan ein få ved å kontakte kyrkjeverje Aud Jorunn Baustad tlf. 53771170, kyrkjeverja@etnekyrkja.no eller organist Solveig Sørheim tlf. 40286871 organist@etnekyrkja.no
Søknad med CV og 2 referansar vert å senda til Etne kyrkjelege fellesråd, Enge 5, 5590 Etne, eller på e-post til kyrkjeverja@etnekyrkja.no innan 12.juni 2022