Konsert i Etne kyrkje laurdag 18. september kl. 19.00
Billettar på Facebook: @nymusikktildistrikta , eller Vipps kr. 150,- i døra.
"Ny musikk til distrikta" er eit prosjektsamarbeid mellom tre komponistar frå Vestlandet, som ønskjer visa noko av det som går føre seg i det kunst- musikalske miljøet i Bergen.
Om komponistane:
Solveig Sørheim er kjent for dei fleste som kyrkjeorganist i Etne. Mindre kjent er det kanskje at ho også er komponist, og har studert komposisjon og kyrkjemusikk ved Griegakademiet.
Dei andre komponistane er Tor- Erik Hellesen frå Florø, og Craig Farr frå England, begge busette i Bergen.
Musikarar:
Njål Vindenes, gitar. Mari Halvorsen, fiolin. Ricardo Odriozola, fiolin. Ilze Klava, bratsj. Matias Monsen, cello.
Lyttaren vil i denne konserten oppleva lydlandskap med både akustiske instrument, elektronikk og video, gjennom nysgjerrig utforsking av potensialet i instrumenta, kombinert med opne, strekte klangflater.
Musikken er i kategorien moderne kunstmusikk, og er ei vidareføring av den klassiske kammermusikken.
Produsent: Kathrine Bauck. Grafisk kunst: DISH art.