Opne kyrkjer før Helgemesse


Opne kyrkjer før Helgemesse


Laurdag 31. oktober kl. 15- 17 er det opne kyrkjer i Etne og kl. 16- 18 i Skånevik.

Då er det høve til å komma inn for ei stille stund, lystenning og ein kopp kakao, for dei som ønskjer dette.

Det er helgemesse på søndag, ei helg mange tradisjonelt går på gravene og tenner lys. Mellom kl. 15 og 17 (Etne sokn) og kl. 16- 18 (Skånevik sokn) er det høve til å gå inn i varme kyrkjer, tenne lys og sitje stille, eller slå av ein lågmælt prat med dei som er til stades frå soknerådet. Ta gjerne turen innom!

 

Desse kyrkjene er opne: Gjerde, Grindheim, Stødle, Fjæra og Skånevik.

 

Søndag 1. november er det helgemesse der me minnast dei som er gått bort siste året -  kl. 11 i Etne kyrkje, og kl. 17 i  Skånevik kyrkje.

Alle er hjarteleg velkomne!

 

Tilbake