Møt opp ved kyrkja i Skånevik og bli med på ein dag i Afrika!
Her skal me lære om misjon og korleis det er å leve i Mali.
Skånevik sokn har eit misjonsprosjekt i Mali - bibelskulen Bafoulabè,
og Gjermund Lygre har vore med å bygd opp og har undervist på denne skulen.
Denne dagen kjem han til oss og tek med seg kler som me kan få prøve,
me skal lage mat og smake på maten slik dei gjer i Mali.
Ta på deg gode utekler og kom!
Me gler oss til å treffe deg!
Påmelding ligg her
Dette er eit ledd i trusopplæringa i kyrkjelyden vår. Alle barn i Skånevik født i 2008, 2009 og 2010
som er døypte eller der ein av foreldra er medlem i Den Norske Kyrkja vil få tilsendt brev i posten.
Om du kjenner barn som ikkje er medlem av kyrkja, er dei sjølvsagt velkomne til å vere med!