Til deg som bur i Etne og som fyller 9 år dette året!
Hei 4. klassing!
Velkommen til julegåveverkstad på tidligare gamle bedehuset på Sørstranda sitt snekkerverkstad.
Her kan du lage dine eigne julegåver i tre, og får hjelp av kjekke folk som har mykje kunnskap om trearbeid.
Det blir to samlingar ei i november og ei i desember, slik at du rekk å bli ferdig med det du har starta på før jul.
Påmelding julegåveverkstad
Gruppe 1: tirsdag 24. november og 1. desember kl 17.30 - 19.30
Gruppe 2: torsdag 26.november og 3. desember kl 17.30 - 19.30
Det er plass til 8 deltakerar på kvar gruppe, så ver raskt ute med påmelding. Om gruppene blir fullteikna kan ein sette seg opp på venteliste. Om det blir mange nok på venteliste blir det satt opp to nye datoar for denne gruppa.
Velkommen!
Med venleg helsing
Anne Holter Vae
Trusopplærar
99158814
Dette er eit ledd i trusopplæringa i kyrkjelyden vår. Alle barn i Etne som er født i 2017
som er døypte og medlem i Den Norske Kyrkja vil få tilsendt brev med invitasjon i posten.
Om du kjenner barn som ikkje er medlem av kyrkja, er dei sjølvsagt velkomne til å vera med!