LYS VAKEN


 

Adventsnatt i kyrkja. Me inviterer alle som er 11 år til å vera med å feire kyrkja sitt nyttår i Skånevik kyrkje.

 

Hei 11-åring!

Har du lyst til å vera med på noko spennande? Vil du vera med på Lys vaken?

Første søndag i advent er det nyttår i kyrkja.

Dette skal me feire, saman med 11-åringar i kyrkjelydar over heile landet!

 

Natt til første søndag i advent, altså lørdag 26. november til søndag 27. november,

inviterer me deg til å bli med på Lys Vaken.

Vi samlast lørdag 26. november  kl. 17. i Skånevik kyrkje.

Då skal me ha sporleik, bli kjent leikar, synge og danse, lage gudsteneste, ete pizza, utforske kyrkja,

gå opp i klokketårnet, ete boller og kakao og sist, men ikkje minst sove over i kyrkja.

På søndag et vi frukost saman, før vi førebur oss til gudstenesta som tek til kl. 11.

 

Bli med og meld deg på her:

Påmelding til Lys vaken

 

Me gler oss til å treffa deg!

Velkommen!

 

Dette er eit ledd i trusopplæringa i kyrkjelyden vår. Alle barn i Skånevik og Etne som er født i 2011

som er døypte og medlem i Den Norske Kyrkja vil få tilsendt brev med invitasjon i posten.

Om du kjenner barn som ikkje er medlem av kyrkja, er dei sjølvsagt velkomne til å vera med!

Tilbake