Velkommen til Krølletreff og småbarnssong i Etne!
Kjære 2-åring!
I år er det to år sidan du blei døypt. Me er glade for at du er ein del av
kyrkjelyden vår. No ynskjer me at du skal bli betre kjent i kyrkja og me
ynskjer å bli betre kjend med deg!
Velkommen til Krølletreff og småbarnssong i Etne kyrkje
laurdag 21. oktober kl 14.00-15.00
Me skal synga, høyre bibelfortellinga om sauen som gjekk seg vill og gå på
sansevandring på leit etter sauen. Du får boka med deg heim etter treffet.
For påmelding trykk på linken som passar under.
Påmelding ligg her
Dette er eit ledd i trusopplæringa i kyrkjelyden vår. Alle døypte barn i Etne som er født i 2021
og er medlem i Den Norske Kyrkja vil få tilsendt brev med invitasjon i posten. Om du kjenner barn som ikkje er medlem av kyrkja, er dei sjølvsagt velkomne til å vera med!