Søndag 13.nov. kl.18.00 blir det konsert med vokalensemblet mMokkat og formidlar Johanne Øvstebø Tvedten
Konserten «Skapande kvinner i vest» vil løfta fram kvinnelege lyrikarar og komponistar, med særleg vekt på Signe Seim (93, Voss) si dikting, samt nyskriven musikk av komponist Kjersti Follesø (64, Bømlo). Seim har ein stor produksjon, men er ikkje så kjend utanfor heimbygda, og i relativt liten grad tonesett. I tillegg vil me ha med verk av andre kvinnelege diktarar som t.d. Inger Hagerup, med planlagd uroppføring av Follesø, samt verk av andre kvinnelege komponistar, som passar inn i heilskapen. Formidlar Johanne Øvstebø Tvedten vil binda det heile saman gjennom diktlesing og forteljingar om kvinnelivet på Vestlandet gjennom tida.
Billettar: vaksne kr. 200,- barn/honnør kr. 100,-
Johanne Øvstebø Tvedten, forfattar og formidlar, har bakgrunn som drama- og teaterlærar, og har vore formidlingsleiar ved Sunnhordland museum i 17 år. Ho er kjend for å skriva og framføra historiske forteljingar for både unge og eldre, og levandegjera fortida ved å skapa indre bilete og eit sterkt engasjement hos tilhøyrarane sine.
Vokalensemblet mMokkat består av åtte kvinner, og held til på Stord. Ensemblet blei starta i 2007 av Maria Malmsten, som er kunstnarleg leiar. mMokkat er eit semiprofesjonelt ensemble. Fire av medlemmene har høgare musikkutdanning, tre på song, og fire er erfarne korsongarar. Me ynskjer å formidla musikk av høg kvalitet og bidra til å gjera nyare kormusikk kjend for eit større publikum. Ensemblet har gjennom åra hatt mange oppdrag i Vestland, men har òg vore på turne i Finnmark og i Latvia, og hatt samarbeid med lokale kor der. I 2019 deltok ensemblet under Kirkefestuka i Molde med konsert i Molde domkyrkje, og var hausten -19 på turne på Færøyane.
Songarane i mMokkat: 1.sopran: Anne Guro Korsvoll og Ingjerd Kannelønning Kolstad, mezzosopran: Maria Malmsten og Kjersti Follesø, 1.alt: Britt Kristin Balchen og Tone Heide, 2.alt: Siw Vad Haraldsen og Herborg Tegle.
På konserten i Etne er Ingvild Toskedal vikar for Ingjerd K.Kolstad.