Konfirmant i Skånevik 2025!


 

 

Konfirmant

Vil du melda deg på som konfirmant i Skånevik skal du gjera dette digitalt. Påmeldingsfrist elektronisk, innan 1. juli. 

Påmeldinga til konfirmasjonsundervisninga for 2024/2025 opnar 4. juni kl. 16.00

Totalt skal konfirmantåret ha ca 60 timar med undervisning og andre typar samlingar, inkludert minst 8 gudstenester og fordelt på 8 månader. Noko av dette er felles med konfirmantene i Etne.   

  • Tidspunkt for KONFIRMANTSAMLINGANE i Skånevik kyrkje er ein vekedag etter skuletid
  • Opplegget for konfirmanttida inkluderer LEIR PÅ BRANDØY saman med kyrkje-konfirmantane i Etne i januar, pilegrimsvandring til Støle kyrkje, lysmesse i Etne kyrkje og konfirmantfestival på Norheim mm.
  • Sett av søndag 25. aug. kl. 11 til konfirmantpresentasjon i Skånevik kyrkje.

 

Pris: kr 2100 -  inkl leirhelg, konfirmantfestival på Bømlo og materiell til fellessamlingar  + konfirmantfest for konfirmanten.
Avgifta er subsidiert av soknerådet. Dersom økonomi er ei hindring som gjer at konfirmanten ikkje kan vera med, er det mogeleg å be om fritak. Ta kontakt - presten har teieplikt.

 

Lurer du på noko så ta kontakt!

Med helsing og vel møtt til eit kjekt konfirmantår!

Påmeldinga til konfirmasjonsundervisninga for 2024/2025 opnar 4. juni kl. 16.00

Påmeldingsfrist elektronisk, innan 1. juli. 

Helsing Egil Larsen, tlf 99241870

sokneprest i Skånevik

 

Tilbake