Vil du melda deg på som konfirmant i Skånevik skal du gjera dette digitalt. Påmeldingsfrist elektronisk, innan 1. juli.
Påmeldinga til konfirmasjonsundervisninga for 2024/2025 opnar 4. juni kl. 16.00
Totalt skal konfirmantåret ha ca 60 timar med undervisning og andre typar samlingar, inkludert minst 8 gudstenester og fordelt på 8 månader. Noko av dette er felles med konfirmantene i Etne.
- Tidspunkt for KONFIRMANTSAMLINGANE i Skånevik kyrkje er ein vekedag etter skuletid
- Opplegget for konfirmanttida inkluderer LEIR PÅ BRANDØY saman med kyrkje-konfirmantane i Etne i januar, pilegrimsvandring til Støle kyrkje, lysmesse i Etne kyrkje og konfirmantfestival på Norheim mm.
- Sett av søndag 25. aug. kl. 11 til konfirmantpresentasjon i Skånevik kyrkje.
Pris: kr 2100 - inkl leirhelg, konfirmantfestival på Bømlo og materiell til fellessamlingar + konfirmantfest for konfirmanten.
Avgifta er subsidiert av soknerådet. Dersom økonomi er ei hindring som gjer at konfirmanten ikkje kan vera med, er det mogeleg å be om fritak. Ta kontakt - presten har teieplikt.
Lurer du på noko så ta kontakt!
Med helsing og vel møtt til eit kjekt konfirmantår!
Påmeldinga til konfirmasjonsundervisninga for 2024/2025 opnar 4. juni kl. 16.00
Påmeldingsfrist elektronisk, innan 1. juli.
Helsing Egil Larsen, tlf 99241870
sokneprest i Skånevik