Feiring av Etne kyrkje 10 år


Det er 10 år sidan Etne kyrkje blei teken i bruk.
Det skal feirast tre dagar til ende første helga i september!

GOSPELNIGHT med Organisten Leif Ingvald Skaug

Fredag 1. september kl. 19.00

Organisten Leif Ingvald Skaug blei kjent for mange under pandemien då han sende mange fine musikkprogram og med ulike gjester via digitale plattformar. Hans eige kor Gospel Explosion var sentral her.  Han var også i Etne kyrkje før pandemien.

Leif Ingvald Skaug er særleg glad i gospeltradisjonen, og ved besøket i Etne kyrkje får han med seg eit lokalt prosjektkor under leiing av organist Tone Heide. Skaug er ein multikunstnar på sitt keyboard, så me får eit heilt orkester på kjøpet.

Billettsal ved inngang kr 200/100

Vil du vera med og synga gospel i Prosjektkoret? Det blir øving i Etne kyrkje torsdag 17. og 24. august kl. 19.00-21.00. Velkommen!

 

 

AKTIVITETSDAG FOR BARN OG UNGE 

med 20-års bursdagsfeiring for Etne Soul Children.

Mange ungar har vore med i Etne Soul Children gjennom 20 år, og Etne Soul Kids gjennom 10 år. Det blir ei skikkeleg bursdagsfeiring lørdag 2. september.

Lørdag 2. september:

Kl. 10.00 Korsamling for 4.klasse og oppover - for alle som har lyst å syngja.

Kl. 12.30: Fredagsklubb for alle frå 1. klasse og oppover.
Kl. 14.00: Matservering som Fredagsklubben har laga

kl.15.00 Korsamling for 1.-10. klasse
Kl. 17.00: SOUL CHURCH i Etne kyrkje med kyrkjekaffi

Me får besøk av instruktør frå Oslo. Soul Children frå Sauda og Vindafjord er inviterte til feiring saman med oss. Då blir det mykje song med musikk - som er open for alle som vil - kl. 10 og kl. 15.

Fredagsklubben blir denne helga ikkje fredag kveld, men lørdag kl. 12.30 i staden. 

Mat høyrer med.

Og kl. 17 blir heile bygda, store og små inviterte til ei spesiell gudstenesta med mykje song og musikk. Soul Children medverkar sjølvsagt. Liturg er sokneprest Kari Vik Stuhaug

 

 

 

JUBILEUMSGUDSTENESTE

Søndag 3. september kl. 11

Det er prost Svein Arne Theodorsen som skal halde preika denne dagen, og elles medverkar dei faste prestant Kari Vik Stuhaug og Egil Larsen, samt vikarorganist Tone Heide. KM-Karane blir med og syng, slik dei har gjort mange gonger før.

Etter gudstenesta blir det kaffi og kaker på Enge Bedehus. Der blir det høve for helsingar, og me håpar å få teikna eit minnerikt bilete av kva kyrkja har gjeve rom for desse åra.

 

ETNE KYRKJE - 10 ÅR

Det har allereie gått 10 år sidan Etne kyrkje blei vigsla med stor festivitas og biskopen på besøk i september 2013. Mange, mange menneske har vore innom desse åra. Gudstenester, dåp, vigsler og gravferder – ny-kyrkja har vist seg tenleg på alle vis. KRIK med leik i kyrkjerommet, konfirmantar, trusopplæring og babysong. Stillferdige kveldsgudstenester eller flotte, store konsertar – kyrkjerommet har plass til eit mangfald av aktivitet og eit mangfald av folk som får møta Gud og menneske gjennom desse aktivitetane. 

 

 

 

Tilbake