Abonnere på trusopplæring


Nå kan du abonnere på trusopplæring til barnet ditt.

Born som er døypt i den norske kyrkja, får tilsendt invitasjon i posten når det er trusopplæring retta mot si aldersgruppe. Då kan ein melde barnet på tiltaket om ein ynskjer å delta. 

Dersom barnet ikkje er døypt eller høyrer til eit anna trussamfunn, kan ein likevel få invitasjon i posten.

Foreldre/foresatte kan logge inn via id-porten på kirken.no/minside, og opprette eit abonnement på trusopplæring til barnet sitt. Ein vil då få invitasjon i posten og kan melde barnet på om ein ynskjer det.

Trykk her for å komme direkte til kirken.no/minside 

Om foresatte ikkje er medlem i Den norske kyrkja, kan dei ta kontakt med trusopplærar på mail tru@etnekyrkja.no eller på telefon 99643674 og registrere barnet sitt som mottaker av trusopplæring, slik at invitasjon kjem i posten.

 

Alle born er velkomne til trusopplæringstiltak i kyrkja!

Tilbake