KRIK Etne


KRIK Etne er eit ungdomstilbud her i Etne. Me er svært glade for at me har lokaler som egner seg godt - nemleg Etne kyrkje! Det er KRIK sånn omtrent annan kvar fredag. Første dato haust 2024: fredag 6. september.  Følg oss gjerne på Facebook: KRIK Etne

Tid : Fredagar frå 20- 22. Du må ha klede til å svette litt i, og sokkar til å springa med :) Ingen gymskor eller uteskor i kyrkjerommet ! Me vil driva med ulike aktivitetar, både ute og inne, og det er opp til ungdommane sjølv kva dei ynskjer. Litt å bita i blir det kvar gong.

KRIK står for Kristen idrettskontakt, og er ein organisasjon som finst i heile Norge. Her i Etne er det gutar og jenter frå 7. klasse som deltek og som styrer seg sjølve (med trygge vaksne i bakgrunnen).

Håper mange har lyst å vera med på dette !!! 
 

Datoar for hausten 2024 ligg her:

Tilbake