LIVET - med UTAKT


Den lokale gruppa Utakt presenterer si småfilosofiske musikalske forestilling som dei har kalla «LIVET» i ETNE kyrkje torsdag 13. juni kl. 20.00. Då får du også høve til å sjå ny, vakker glaskunst i Etne kyrkje.

Gruppa UTAKT består av:

Torhild Hamre - Vokal

Geir Asbjørn Molland - Tekstforfattar, forteljar, bass, gitar og vokal

Rune Rødne - Piano og vokal

Egil Viker Jørgensen - Vokal og gitar

 

''Utakt'' byr på historieforteljing rundt livet, ispedd eit utval kjente og ukjente norske melodiar, krydra med alvor og humor.

Du får også høve til å sjå den nye, vakre glaskunsten til Per Odd Aarrestad som blir feira i Etne kyrkje første pinsedag. Dei fire motiva er henta frå Jesu liv med unnfangelsen, døden på krossen, oppstoda og himmelfart. Kunstnaren har eit rikt uttrykk og har m.a. vore opptatt av å synleggjera kvinnene si rolle.

Om du kjem i god tid får du deg ein kopp kaffi/te og prat med kjensfolk (frå kl. 19.30)

 

Bill. kr 250 + avgift på www.tikkio.com 

eller kr 250 ved inngang (vipps/kontant)

 

Arrangør: Etne sokneråd i samarbeid med "UTAKT"

Tilbake