Sommargudsteneste på Rullestad


Søndag 21. juli kl. 11 er det gudsteneste i løa til Per og Ingebjørg Rullestad. 

Det som starta med ei planlagt ute-gudsteneste for to år sidan, vart flytta innomhus grunna surt vær. Det same skjedde i fjor, så i år seier me at gudstenesta på Rullestad blir inne. Skulle det mot formodning bli fint vær i år, kan me jo setja oss ut?

Gudstenesta er ved Egil Larsen. Solveig Sørheim spelar.

Takkoffer til Tro og medier.

Etter gudstenesta er det kyrkjekaffi.

Alle er hjarteleg velkomne!

 

Arr. Skånevik sokneråd.

.

Tilbake