Strikkekafè i Etne kyrkje


Velkommen til ein koseleg møteplass for folk i alle aldrar! Ta med strikketøyet eller anna handarbeid og kom. 

Me møtast på kyrkjetorget måndagar kl. 19 ein gong i månaden, frå 23. september.

Det er strikkekafè desse datoane:

23/9, 21/10, 18/11-24.

Etter nyttår:

27/1, 24/2, 24/3, 19/5-25

 

Dette er tenkt som ein uformell, koseleg møteplass for folk i alle aldrar. Ein kan ha med seg eige strikketøy (eller anna handarbeid), eller ein kan ta del i felles restegarnprosjekt der ein kan laga ting som kan vera til glede og nytte for andre. 

Likar du å strikka, kan du også bidra til fellesprosjektet med strikking av varme tepper born i Nepal, der Normisjon m.a. har engasjert seg i å bygga opp helsetenester for dei fattige.

 

Det vil bli enkel servering, drøs, og ei lita samling med forteljing, diktlesning eller andre kveldstankar. 

Håpar mange har lyst å vera med :-) 

 

Helsing Diakoniutvalet/ Etne sokneråd

(Ta kontakt med leiar i Diakoniutvalet dersom du ønskjer å veta meir: Reidun Sande, mob. 45203865).

Tilbake