Temakveld i Skånevik 19. september


Ove Tvedt frå Kvinnherad fekk Sunnhordland prosti sin frivilligpris for 2023.

Han har drive med frivillig arbeid i over 50 år. Kvifor?

"For at andre skal ha det litt betre!" er svaret hans,

Møt han torsdag 19.09 kl.19 på Skånevik fjordhotell.

 

Musikalsk innslag ved Tone Heide.

Med Frivilligprisen vart Ove Tvedt heidra for omfattande, variert og kreativ teneste lokalt. Det vert sagt at han har ein heilt spesiell dialog med ungdommane.

Han har vore med og drive ungdomsklubb i Valen kyrkje i snart 50 år. Han har også eit stort engasjement for, og driv innsamlingsarbeid til, ein barneheim på Filipinene. 

I tilleggg har han vore med på restaurering av den gamle postvegen, og å setja i stand stølsbuer i fjellet.

Her kan det med andre ord vera inspirasjon å finna, for både den eine og den andre!

Hotellet byr på gulrot-/ chilisuppe og kaffi.   

Inngang 250,- kr

Arr. Skånevik sokneråd

Velkommen!

Tilbake