Etne kyrkjelege fellesråd har fått 65.000 i gåve til nytt senkeapparat.
Gåva skal gå til nytt senkeapparat til bruk ved gravferder.
Dei siste åra har me kun hatt tilbod om senking av kiste med tau.
Det senkeapparatet me hadde gjekk sundt, og med den økonomiske situasjonen me har i kyrkja har me ikkje hatt midlar til å kjøpa nytt..
Me er difor svært takksame for gåva frå Etne E-lag som gjer at me kan kjøpa nytt senkeapparat. Det vil framleis vera høve til å senka med tau for dei som ynskjer det, men no blir det eit val pårørande kan ta.