MØTEPLASS med SNACKS OG QUIZ for unge vaksne i Etne kyrkje!
Hei unge vaksne!
Skjærtorsdag får du sjansen til å treffa gamle kjente i Etne kyrkje!
Velkommen til gudsteneste i Etne kyrkje skjærtorsdag 17. april kl. 19.00 - open for ALLE.
Etter gudstenesta inviterer soknerådet til OPE HUS PÅ KYRKJETORGET. Der vil det vera god mulighet til å slå av ein prat med gamle kjente - eller bli kjent med nye, og samtidig eta vafler, snacks og ha quiz.
Mange unge som ikkje lenger bur i bygda kjem gjerne heim til påske. Julaftan er det mange unge vaksne som går i kyrkja, men då er det rett heim til julekvelden. Kanskje kan SKJÆRTORSDAG bli ein kveld for å treffa gamle kjente - både dei som bur lokalt og langt vekke? Sjølvsagt er UNGE VAKSNE som har flytta til bygda også hjertens velkomne!
Ein komite med Erlend Kringlebotten, Jarle Eskeland og Aleksander Vae Haaland har planlagt kvelden i lag med folk frå Soknerådet.
Spørsmål? Kontakt Gerd Ingunn Opdal (soknerådet), mobil 906 20 938 eller prest Kari Vik Stuhaug mobil 47 25 35 29.