Klassisk gitarkonsert med Marius Fedje


Klassisk gitarkonsert med Marius Fedje


Etne kyrkje laurdag 15. mars kl. 17.30.

Konserten er ein del av Kulturnatt Etne 2025.

Marius Fedje. Bilete: Kulturnatt Etne 2025

Marius Fedje er gitarist, og student ved Norges Musikkhøgskule i Oslo. Han er oppvaksen i Etne og gjekk på kulturskulen der i mange år, kor han var innom både rytmisk, og klassisk gitar.

I dag held han seg helst til den klassiske gitaren, med eit repertoar som kan spenne seg over fleire århundre. På kulturnatt leverer han ein konsert i kyrkja kor han konsentrerer seg mest om gitarmusikken fra første halvdel av 1800-talet.

Tilbake