Påske i kyrkjene


Påske i kyrkjene


Påskenattsmesse i Stødle kyrkje er ein flott tradisjon!

PÅSKE er den viktigaste høgtida i den kristne kyrkja, med mange gudstenester!

Dette året med nyskapinga UNG Skjærtorsdag.

Den tradisjonsrike PÅSKENATTSMESSA i middelalderkyrkja Stødle er også verd å få med seg. Det er stemningsfullt når helsinga "Kristus er oppstaden" lyder i det mørklagde rommet, og den vesle flammen går frå hand til hand med små lys. Det eldgamle EXULTET blir sunge. Og nattverdbordet er duka. Og så er det flott å synga nokre av dei gledesfylte påskedagssalmane. Påskeafta 19. april kl. 23.

  • Skjærtorsdag 17. april:
    ETNE kyrkje kl 19.
      Med UNG Skjærtorsdag; vafler, snacks, quiz og prat. UNGE VAKSNE særskilt velkomne!
  • Langfredag 18. april:
    GRINDHEIM kyrkje kl. 11 
    SKÅNEVIK kyrkje kl. 17
  • Påskeafta  19. april:
    STØDLE kyrkje kl. 23. Påskenattsmesse
  • Første påskedag 20. april:
    SKÅNEVIK kyrkje kl. 12 NB!
    ETNE kyrkje kl. 12
  • Andre påskedag  21. april:
    FJÆRA kapell  kl. 11
Tilbake