Ledig stilling som kyrkjegardsarbeidar


Ledig stilling som kyrkjegardsarbeidar


 

Etne kyrkjelege fellesråd har ledig stilling som 

KYRKJEGARDSARBEIDAR / KYRKJETENAR

100% stilling (fast) – ledig frå snarast

Søknadsfrist 10.mai 2025

Kyrkjegardsarbeidaren har hovudansvaret for stell av kyrkjegardane og tilsyn og enkelt vedlikehald av kyrkjene.  

Etne kommune er delt inn i 2 sokn, Etne og Skånevik - og har i alt 7 kyrkjer og kapell. I Etne sentrum ligg Etne kyrkje som vart vigsla i 2013. Dei andre kyrkjene er av stor historisk verdi, og dei fleste er verna eller freda. 

I Etne og Skånevik blir det forretta ca 90 gudstenester i året, samt ca 40 gravferder og ca 10 vigsler.
Staben består av kyrkjeverje, organist, kyrkjetenar, kyrkjegardsarbeidar, sekretær, kyrkjelydspedagog, barne og ungdomsarbeidar og to sokneprestar. 

Kyrkjer og kyrkjegardar

Etne sokn:

Etne kyrkje (2013) med grøntareal.

Stødle kyrkje (1160) med gravplass.

Grindheim kyrkje (1728) med gravplass.

Gjerde kyrkje (1676) med 2 gravplassar.

Frette bedhuskapell (1959)

 

Skånevik sokn:

Skånevik kyrkje (1900) med gravplass. Sommarvikar tilsett til plenklypp.  

Fjæra kapell, (1913) med gravplass, ikkje plenklypp.

Arbeidsoppgåver

  • Kyrkjegardsarbeidaren - Stell av kyrkjegardane og uteareala
    • Bidra til at gravplassane skal stå fram som ein verdig og god stad for ro og ettertanke.
    • Syta for at uteareala er representative og godt vedlikehaldne
    • Snørydding og strøying etter behov.
    • Praktisk tilrettelegging og oppfølging av gravferder og urnenedsetjingar.
    • Delta ved graving av graver
  • Kyrkjetenar:
    • Tilsyn, reinhald og enkelt vedlikehald av kyrkjene
    • Vera med på stabsmøte, og delta i stabsarbeidet.
    • Utføra teneste ved gravferder i ordinær arbeidstid, vigsler, konsertar og andre arrangement kan bli aktuelt.

Me søkjer ein person som

  • Er allsidig og nevenyttig
  • Gjerne har eit fagbrev innan handverksfag
  • Erfaring frå arbeid med grøntanlegg
  • Beherskar norsk både skriftleg og munnleg
  • Disponerer eigen bil. Godtgjersle etter regulativ.

Me kan tilby

  • Varierte oppgåver
  • Godt arbeidsmiljø i ein stab som vil og får til mykje
  • Løns- og tilsetjingsvilkår heimla i KA sin tariff.
  • Pensjonsordning i KLP

Du som søkjer er

  • Målbevisst og har god gjennomføringsevne
  • I stand til å jobba sjølvstendig og strukturert
  • Ansvarsmedviten og opptatt av service og orden

Me legg stor vekt på personlege eigenskapar som god samarbeidsevne, allsidigheit,  å vera løysingsfokusert og initiativrik.

Erfaring frå likt arbeid vert vektlagt.

Søknadsfrist 9.mai. 2025

Spørsmål om stillinga kan rettast til kyrkjeverja  53771170/ 97573021 eller leiar av fellesrådet Gerd Ingunn Opdal 90620938.

Søknad med CV og referansar vert å senda til Etne kyrkjelege fellesråd, Enge 5, 5590 Etne, eller på e-post til kyrkjeverja@etnekyrkja.no  innan 9.mai. 2025

Tilbake