Dåp i Etne og Skånevik


Kyrkjelydane i Etne og Skånevik vil ønskja dykk velkommen til dåp!

Til dåpspåmelding

Ut frå Guds ord i Bibelen trur me at dåpen gir del i Guds frelse. Me har eit sterkt ynskje om å få stå saman med foreldra om ansvaret som dåpsritualet uttrykkjer:

”De får del i eit heilagt ansvar: å be for barnet, læra det sjølv å be, og hjelpa det til å bruka Guds ord og Herrens nattverd, for at det kan verta verande hjå Kristus når det veks opp, liksom det ved dåpen vert sameint med han.”

For mange er det ikkje noko vanskeleg spørsmål om ein skal døypa barnet eller ikkje, for andre er det vanskelegare. Ein spør seg: Kva er det me seier JA til når me lovar å gi barnet ei kristen oppseding? Ein kan vera usikker til eiga tru, eller ein opplever at forventingane i familien ikkje stemmer med det ein sjølv står for.

Når du let barnet ditt døype, legg du det i Guds hender. Det vert Guds barn og medlem av kyrkja og Guds familie på jorda.

Gåve og oppgåve?
Ved å døypa borna gjev vi borna del i ei stor og viktig gåve. Samstundes tek vi på oss ei oppgåve. Foreldre, fadrar, og kyrkjelyd lovar saman å gje borna ei kristen oppseding. Det tyder at døypte born har rett til opplæring i kristen tru!

Saman får me eit ansvar for at barnet kan bli verande hjå Jesus når det veks opp.

Trua skal veksa saman med barnet. For at trua skal veksa må den ha næring.

Dei viktigast hjelpemidla me har til denne oppgåva er:

  • - Kristne tradisjonar i heimen: Kveldsbøn, bordbøn, bibelforteljingar og markering av helg og høgtid.
  • - Deltaking i gudstenester og i kyrkjelyden sine trusopplæringstiltak (for eksempel 4 årsbok, 6 års bok, Tårnagentar, Minikonfirmantar, Lys vaken, søndagskule og         mykje meir. Me sender ut informasjon til dykk etter kvart om desse aktivitetane.
  • - Fadrane er vitne om at barnet er døypt. Dei har og viktige oppgåver i det å be for barnet og gjerne gi støtte til foreldra i den kristne oppsedinga.

Fadrar
Når de vel fadrar, tenk då på kva som er fadrane si viktigaste oppgåve, kva dei er med og lovar. Dei skal vera med å be for barnet og hjelpa til at barnet får ei kristen oppseding. 

Det må vera minst 2 fadrar til stades under dåpen. Fadrane må ha fylt 15 år, og vera medlem av Den norske kyrkja, eller anna kyrkjesamfunn som anerkjenner dåp.

Foreldre
Foreldra er sjølvsagt dei næraste til å gje barnet ei kristen opplæring. Lovnaden ein gjev, er ikkje først og fremst til presten, men til barnet og til Gud.

Dåpssamtale/dåpssamling
De vert kontakta før dåpen med invitasjon til dåpssamtale eller dåpssamling i kyrkja. Nokre gonger, når det ikkje er mange born som skal døypast, tilbyr presten dåpssamtale med berre ein familie. Er det fleire born som skal døypast i eit gitt tidsrom, vert det ofte laga til eit dåpssamling med kveldsmat i kyrkja, der ein snakkar om dåpen si gåve og oppgåve, og om det praktiske rundt dåpshandlinga i kyrkja.

Sjølve dåpshandlinga                                                              

I Etne finn dåpen vanlegvis stad i gudstenesta søndag føremiddag kl. 11.00, men det hender me kan ha dåp på andre gudstenester. Dåpen skjer først i gudstenesta. Dåpsfølgjet møter opp og vert med under gudstenesta.

Velkommen til dåp!

Tilbake