Kongen som ikkje skulle bli konge:
Magnus Lagabøte
i Stødle kyrkje
fredag 16. januar 2026 kl. 19.00
MAGNUS LAGABØTE er ei spennande og gripande levandegjering av kong Magnus sin historie og lova han lagde. Manus og formidling er ved Torgrim Mellum Stene.
Forteljaren Torgrim Mellum Stene (bildet) har tidlegare laga ei forteljing om Magnus Erlingson og fortalt den mange gonger i Etne og andre plassar. Stødle kyrkje er hans favorittkyrkje, seier han.
Billettar ved inngangen kr 200,-
Magnus var sjukleg som barn og vart send på opplæring til fransiskanarmunkane i Bergen. Der lærte han dei verdiane som gjorde at han kunne laga ei radikal og moderne landslov for Norge på 1200-talet.
Førestillinga er produsert av Nasjonalbiblioteket i forbindelse med Landslovjubileet 2024.
Arrangør: Etne sogelag