- ei varsam og meditativ framføring med Karoline Emmerhoff, med tonefølgje frå Munor og Arne Martin Aandstad,
i Skånevik kyrkje torsdag 12. mars kl. 19.
Det er sårt å miste sine næraste, gamle foreldre – eller andre som berre alltid har vore der. Ei sorg vi ikkje snakkar så høgt om. Her inviterer vi til ei varsam og meditativ framføring. Eit rom å vere i med eigne tankar og kjensler – men og saman i eit større fellesskap – der tekst og tonar til tider flyt saman, men og står kvar for seg.
Publikum får oppleve musikk mellom anna av Arvo Pärt og Johann Sebastian Bach, i samspel med tekstar av Karoline Emmerhoff frå boka «Eg har ikke mor, eg», som ho gav ut sist haust. Boka handlar om å miste ei mor, langsamt.
Samarbeid mellom Karoline Emmerhoff, Munor, Arne Martin Aandstad, Skånevik Helselag og Skånevik Sokneråd.
Støtta av Regionalt Kulturfond og Den kulturelle spaserstokken, Etne kommune.
Meir om Munor og lenkje til arrangementet og billettar kan du finna på: https://www.facebook.com/musikkselskapetnordvegen
Billettar:
Born og unge under 18 år: gratis
Unge mellom 19 og 26 år: 115 kr
Ordinær billett: 215 kr
Alle er hjarteleg velkomne!