Innsamling av klede og utstyr til ukrainske soldatar som er blitt såra i kampar ved fronten.
Det trengst mannsklede, sko, tøfler, støvlar, soveposar, liggeunderlag, teppe, dyner og puter.
Kan leverast på "Strikk i veg"- butikken i Skånevik innan 5.mars.
Skånevik helselag, Gjestgjevargarden og soknerådet i Skånevik har gått saman om å laga til språktreff for ukrainske flyktningar og andre framandspråklege i Skånevik. Me samlast på Gjestgjevargarden, et eit enkelt måltid i lag, snakkar saman, har enkle leikar og spel og kanskje litt underhaldning.
På dei to første treffa har me hatt med tolk, noko som har vore svært nyttig. Tolken er busett i Haugesund og er med i ei gruppe som samlar inn klede og utstyr til eit mottakssenter for soldatar som er blitt såra ved fronten. Me vil vera med og støtta dette arbeidet med ei eingangsinnsamling i Skånevik. Tolken tek med seg det me har samla inn av klede og utstyr på neste språktreff.