Norheimsund og Øystese ungdomskor


Norheimsund og Øystese ungdomskor


held konsert i Etne kyrkje laurdag 28. mars kl. 19.00.

Konserten "Fast som fjell" er "ei vandring frå palmesundag til påskemorgon".

Gratis inngang - kollekt til koret sitt misjonsprosjekt i Aserbajdsjan.

Arr.: Etne sokneråd

Norheimsund og Øystese ungdomskor har i seinare år lagt fleire av sine påsketurnear til vårt distrikt. Mange har på denne måten fått eit sterkt møte med påskeforteljinga frå palmesundag til påskedag. Dette året kjem dei tilbake. Det er gratis inngang til konsertane, men det vert teke opp kollekt til eit misjonsprosjekt som dette året er eit prosjekt som Normisjon driv i Aserbajdsjan.

Kormedlemene betaler heile turneen sjølv, og alle dei innsamla midlane går til dette prosjektet.

Tilbake