Konsert med Marius Fedje i Grindheim kyrkje 6. desember


Konsert med Marius Fedje i Grindheim kyrkje 6. desember


Marius Fedje held førjulskonsert i Grindheim Kyrkje søndag 6. desember kl. 18.00.

Det blir ein stemningsfull og heilakustisk konsert med klassisk gitar, med musikk av blant anna Johann Sebastian Bach, Agustín Barrios og Joaquín Turina. For anledninga vil det også vere innslag av julemusikk. Gitar er eit instrument alle liker lyden av, så dette er verkeleg ein konsert for alle, sjølv dei som ikkje høyrer på klassisk musikk til vanleg. Gitaren klinger og aller best i rom som ikkje er for store, så Grindheim Kyrkje er perfekt eigna for anledninga!

Marius Fedje er ein 22 år gammal gitarist frå Etne. For tida bur han i Oslo og studerer utøvande klassisk gitar på Norges Musikkhøgskole, på fjerde og siste år av bachelorgrada. Han har i studietida fått mykje erfaring med å formidle musikk både aleine og saman med andre, samt  deltatt i konkurransar både nasjonalt og internasjonalt. Våren 2026 mottak han Etne kommune sitt kulturstipend for unge talent.

Vel møtt!

Billettar kan kjøpast via link eller i døra. Vaksne: 125,- Barn og unge: 75,-.

https://mfedje.hoopla.no/event/197987183

Tilbake