Babysong og småbarnstreff


Babysong og småbarnstreff


Velkommen til babysong og småbarnstreff i Etne Kyrkje!

Her kan du møta andre med små barn under skulealder. 

Me samlast frå kl. 10.00 - 12.00. 

Logo for babysong

Me starter opp med Babysong 11.februar. Du som har ein smårolling er også svært velkommen! Me har ei songstund og etterpå leik på matter. Felles lunsj ca kl 11. Songstunda starter ca kl 10 inne i kyrkjerommet. Me veit at det å komme seg ut døra med småborn kan vere ei bragd - så ikkje ver redd for å komme "forseint". Me held på til ca kl 12 :)

Våren 2026 blir det desse onsdagane:

11.februar                                    15.april

25.februar                                    29.april

11.mars                                        6.mai

25.mars                                        20.mai

 

Ta med niste, me har te og kaffi.

Alle er hjarteleg velkomne!

 

Ta gjerne kontakt om du lurer på noko!

Anne Holter Vae, tlf 99158814          mail tru@etnekyrkja.no 

Etne kyrkjekontor tlf: 53771170

 

Artikkel frå Kyrkjeposten:

"Eg var med på babysong 2016/ -17. Babyar lærer gjennom song. Foreldre og barn blir betre knytt saman, difor er babysong ein fin aktivitet for dei som er heime med små barn. Når ein kjem på babysong, sit alle foreldra i ein sirkel på golvet saman med babyane sine. Det vart sunge songar til den enkelte babyen, og songar der me song til vår eigen unge."

Babyen elskar at far og mor syng til den, og bryr seg ikkje om kva songstemme me har. I kyrkja er det stor takhøgde, - du kjem dei gongene det passar for deg, og så er det OK å komma 15 minutt for seint. På babysong trefte me andre foreldre i same situasjon, som me kunne dela erfaringar med.

Alle er velkomne!"

(Astrid Harboe/ Etne sokneråd)

 

Tilbake