DROPP-INN-DÅP lørdag 8. mars


DROPP-INN-DÅP lørdag 8. mars


Kyrkja i Etne inviterer igjen til DROPP-INN-DÅP. Aldri for seint å bli døypt. Heilt enkelt - like stort. 

 

bilde av dåpsbarn, utsnitt av foto: Malin Longva/ Den Norske Kirke

Både vaksne og ungar som ikkje er døypt er velkomne, større barn, ungdomar og eldre.

Soknerådet stiller med kake og kaffi, så festen kan du få på Kyrkjetorget. Om de heller vil ha eigen fest med familie og venner er det sjølvsagt heilt i orden. Men husk at det ikkje er festen som gjer dåpen gyldig. Heilt enkelt er like gyldig!

Den som skal bli døypt må meldast inn elektronisk, sjå under, SEINAST TIRSDAG 4. MARS.

 

Dåpen gir del i det store kyrkjefellesskapet. Som viser seg i den lokale kyrkja, og i dei mange kyrkjene verda rundt. Der forteljingane om Jesus blir haldne levande, og menneske vender seg til Gud med sine liv.

Før dåpen skjer legg me til rette for dåpssamtale med presten for dei som skal bli døypte.

 

Den som blir døypt blir medlem i Den norske kyrkja. Og for å bli medlem i kyrkja må du vera døypt. Er du usikker på kva det inneber og om du vil, er du velkommen til å ta kontakt med presten for ein avklarande samtale.

 

PÅMELDING: Gå direkte inn i lenkja Til dåpspåmelding, og søk på ETNE kyrkje 8. mars. Tidspunktet kan bli noko seinare enn kl. 11, alt etter interessa.

Merk: Påmeldinga er lagt til rette for dåp av små barn. Ved dåp av myndige personar kan du skriva *** i obligatoriske felt som ikkje er relevante.

 

Passar det ikkje den 8. mars? Dei fleste gudstenestene kan det også vera dåp. Sjå i kalenderen på startsida vår for å finna høveleg dato og kyrkje, eller finn andre datoar Til dåpspåmelding. Eller ta kontakt med kyrkjekontoret viss det er ønskje om spesiell tilrettelegging.

 

Ved nokre gudstenester er det ikkje høve til dåp, anten av plassomsyn, eller på grunn av spesielt innhald. Generelt er det ikkje dåp på: Langfredag, 17. mai, bots- og bønedag, helgemesse, julaftan, og dei dagane der konfirmantane er i fokus (presentasjon-, samtale- og konfirmasjonsgudstenester).

 

Ta gjerne kontakt dersom de lurer på noko!

Etne kyrkjekontor:

Tlf. 53 77 11 70

sakshandsamar@etnekyrkja.no 

 

Dei bar småborn til Jesus for at han skulle røra ved dei, men læresveinane viste dei bort.  Då Jesus såg det, vart han sint og sa til dei: «Lat småborna koma til meg og hindra dei ikkje! For Guds rike høyrer slike til.  Sanneleg, eg seier dykk: Den som ikkje tek imot Guds rike slik som eit lite barn, skal ikkje koma inn i det.»  Så tok han dei inn til seg, la hendene på dei og velsigna dei.

Mark. 10, 13- 16

 

 

Tilbake